Hopp til innhold

– Det er nesten som å køyra motorsykkel

– Det er nesten for godt til å vera sant, seier nyfrelst el-sykkelentusiast.

BKK låner ut el-sykler gratis til ansatte.

SJÅ VIDEO: Sverre Hellesen i BKK fekk prøva el-sykkel for første gang.

FORNØYD:Sverre Hellesen var meget fornøyd med å få teste el-sykler.

SVÆRT NØGD: Sverre Hellesen vurderer no å kjøpa seg ein eigen el-sykkel etter testen.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Det er så lett å sykla. Nesten som å køyra motorsykkel. Det er heilt rått, seier Sverre Hellesen i BKK til NRK.no.

Han har prøvd el-sykkel for første gang, og har nesten ikkje ord for kor bra det er. Hellesen syklar ein del mellom heimen i Salhus og jobben på Kokstad, og ser store fordelar med elsykkel.

– Eg hadde aldri trudd at det var så bra. No vurderer eg absolutt å kjøpa meg ein slik sykkel, seier han.

Gratis i ei veke

Tilsette i BKK er dei første som får prøva el-syklar gratis i ei veke, som ein del av det nye prosjektet Prøvekjøre.no i Bergen.

Deretter skal tilsette i nokre andre verksemder få prøva seg.

Dei som vil prøva el-sykkel kan gå inn på nettsida til prosjektet og registrera seg. Syklistar som ikkje er så heldige at dei får tilbod om gratis utlån, kan leiga sykkel for 350 kroner veka.

Naturvernforbundet i Hordaland står bak prosjektet, saman med Bergen kommune, BKK, DNB, Hordaland fylkeskommune, NEOlab, Transnova og butikkane Boa Sykler og G-sport Bergen Storsenter.

– Godt alternativ

– Målet er å gje folk ein sjanse til å prøva dette som eit alternativ til bil, seier dagleg leiar Nils Tore Skogland i Naturvernforbundet Hordaland.

Prosjektet i Bergen skal ifølgje Transnova vera heilt unikt i Noreg.

Tom-Christer Nilsen med elsykkel

RUTINERT: Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen har sykla på el-sykkel i fleire månader. Han var med då prosjektet blei starta utanfor lokala til BKK på Kokstad, og fekk prøva ein av dei ni syklane som er til låns.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Skogland meiner fordelane med el-sykkel er mange.

– Med el-sykkelen susar du forbi køen og kjem raskt fram. Du blir ikkje sveitt, og motbakkar blir gøy. Dessutan er det ein stor miljøgevinst, seier han.

Han trur det kjem til å bli mange fleire el-syklar på vegane i Hordaland i tida framover.

– Berre sjå på Nederland. Der er no 15 prosent av alle nye syklar elektriske. Her i landet kan det bli endå større, meiner han.

Susar forbi «kondom-folka»

Fylkesordførar Tom Christen Nilsen (H) har kjøpt sin eigen el-sykkel, og er full av lovord om framkomstmiddelet. Tidlegare brukte han berre bil, men no er el-sykkelen blitt førstevalet til og frå jobb.

– Med el-sykkel får du frisk luft og ein fantastisk start på dagen, seier han.

Han syklar i dress, og blir ikkje sveitt av sykkelturen til jobb. Dermed kan han gå rett på møte når arbeidsdagen startar.

– Oppoverbakkar går som ein draum. Det er ganske kjekt å gli forbi folk i kondomdrakt, utan å bli sveitt, seier han.