Hopp til innhold

– Det var den svartaste dagen i livet mitt

Etter tjue år som brannmann fekk Erik Angerman kreft. Yrkesgruppa har auka risiko for å utvikle ei rekke krefttypar, men får ikkje yrkesskadeerstatning. Mange kommunar manglar dessutan godt utstyr som beskyttar brannmenn mot giftige stoff.

Erik Angermann

FEKK KREFT: I tjue år jobba Erik Angerman på Sandviken brannstasjon som redningsdykkar og røykdykkar, då han oppdaga ein klump på halsen. – Eg blei redd og kjempelei meg, seier Angerman.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det sat fire ungar heime og venta på svar. Eg tenkte «kva skal eg seie til dei?»

Erik Angerman

– Eg tenker jo på kva det er som har gjort at eg har fått kreft. Kan det vere alle dei brannane og all den røyken eg har pusta i meg i løpet av åra?, seier Erik Angerman.

Samanlikna med resten av befolkninga har brannmenn auka risiko for å utvikle ei rekke ulike krefttypar. Ein av dei som har opplevd å få diagnosen er Angerman.

I tjue år hadde han jobba på Sandviken brannstasjon som redningsdykkar og røykdykkar, då han oppdaga ein klump på halsen. Hos legen fekk han konstatert Non – hodgkins lymfom, hurtigveksande kreft.

– Eg blei redd og kjempelei meg. Det sat fire ungar heime og venta på svar. Eg tenkte «kva skal eg seie til dei?» Det var den svartaste dagen i livet mitt.

LES OGSÅ: Regjeringen vil se på kreft blant brannmenn

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Klæbu

STOR YRKESRISIKO: – Brannmenn blir utsett for ei rekke ulike kjemikaliar gjennom jobben. I brannrøyken finst det òg kreftframkallande stoff, seier Tommy Kristoffersen i Brannmenn mot kreft. Biletet er frå brannslukking i Klæbu i Trøndelag.

Foto: Henrik Sundgaard

Får ikkje yrkesskadeerstatning

Non – hodgkins lymfom er ein av mange krefttypar brannmenn har større sjanse for å få enn andre. Då Angerman oppdaga kulen på halsen, fekk han behandling raskt. Tre cellegiftbehandlingar og stråling mot hovudet ein heil månad, kvar dag.

– Eg mista alt håret og blei ganske redusert, men eg klarte å halde motet oppe og trene.

Han har alltid kjent seg sikker i jobben. Men kreftrisiko er det aldri vore snakka om før i seinare tid, og mange brannmenn i Noreg slit med å få yrkesskadeerstatning for kreft.

– Me får ikkje den erstatninga i Noreg fordi lovene er slik dei er. Det me jobbar med krev ei lovendring, seier Angerman.

LES OGSÅ: Tore har jobba som brannmann i 17 år - veit han har større kreftrisiko enn mange andre

Kjem inn gjennom luftvegane og huda

Brannmenn er svært utsett for kreftframkallande stoff på jobb, i følgje Tommy Kristoffersen i Brannmenn mot kreft.

– Dei blir utsett for ei rekke ulike kjemikaliar gjennom jobben. I brannrøyken finst det kreftframkallande stoff. I tillegg blir det kvart år tilsett nye kjemikaliar i produkt me brukar på jobben som enda ikkje er klassifisert som kreftframkallande.

LES OGSÅ: Skal forska på kreft blant brannfolk

Røyken kjem ikkje berre inn gjennom luftvegane, men også gjennom huda. Brannmenn har difor ikkje moglegheit til å beskytte seg fullstendig mot røyken.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tommy Kristoffersen

BRANNMENN MOT KREFT: Leiar av Brannmenn mot kreft Tommy Kristoffersen held her ein appell foran kollegane på Eidsvolls plass.

Foto: NRK / NRK

– Brannmenn må få meir opplæring

I tillegg til at brannmenn i Noreg slit med å få yrkesskadeerstatning, manglar mange kommunar godt utstyr som beskytter brannmenn mot giftige stoff, i følgje Kreftforeningen.

– Me må bli flinkare til å ta av oss kleda med ein gong me er ferdige med å røykdykke, og få sendt kleda til vask, seier Kristoffersen.

Han meiner brannmenn må få meir opplæring i korleis dei skal beskytte seg, men at det og må politisk vilje til for å gjere arbeidsplassen tryggare.

– Arbeidsgjevarane forstår at det er viktig å investere i helsa til dei tilsette. Men dei har eit budsjett å ta omsyn til. I Bergen kommune har ein sine økonomiske utfordringar. Det er politikarane som må løyve dei pengane som skal til for at norske brannfolk skal kunne jobbe på ein sikker måte.

Byrådsleiar visar til staten

– Brannvesenet i Bergen jobbar allereie godt med denne problemstillinga, og eg er glad for at tillitsvalde hjå oss no har løfta saka opp på eit nasjonalt nivå, seier byrådsleiar Ragnhild Stolt-Nielsen (H).

Ho meiner det er opp til staten å ta stilling til erstatning.

– Våre brannmenn skal ha både opplæringa og utstyret som er naudsynt for å handtera dei situasjonane som oppstår, og HMS står til ei kvar tid høgt på agendaen i vår brann- og redningsteneste. Spørsmålet om yrkesskadeerstatning må imidlertid fremjast for sentrale myndigheiter, då det ikkje er kommunane som forvaltar denne ordninga, seier Stolt-Nielsen.

Stortinget har lova å sjå på saka

Arve Kambe (H)

SKAL FØLGJE OPP: Leiar av Stortingets arbeids- og sosialkomite Arve Kambe (H) lova i sommar å ta opp saka i komiteèn.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

I dag deltek Kristoffersen på eit stort seminar på Scandic Ørnen Hotel. Brannsjefar, verneombod, tillitsvalde og brannfolk er til stades for å få informasjon om diskutere yrkesrisikoen til dei som skal rykke ut for å hjelpe oss dersom det skulle byrje å brenne.

I juni sykla eit tjuetals brannmenn frå Bergen til Stortinget med krav om at regjeringa tek grep mot kreftrisikoen som følgjer med yrket.

Leiar av Stortingets arbeids- og sosialkomite Arve Kambe (H) tok i mot brevet, men kunne ikkje love anna enn at han skal ta med seg krava inn i komiteen og følgje opp saka.

– Folk er meir medvitne etter at eg blei sjuk

Det var i september 2010 at Erik Angerman vart sjuk, og det er først i desember 2015 han sikkert veit om det er fare for tilbakeslag.

Etter at han var ferdig med behandlinga i mars 2010 byrja han å jobbe att, eit halv år etter at han vart sjuk.

– Det var kjekt å komme tilbake att. Etter at eg fekk kreft er og folk meir medvitne om yrkesrisikoen og tenker på å beskytte seg, vaske kle og ha betre kle, seier Angerman.

LES OGSÅ: Brannmenn kreftutsatt på jobb