NRK Meny
Normal

Mista jobben - no går dei blakke inn i jula

Dei 173 tilsette som mister jobben i samband med to konkursar i Walde Gruppa, får ikkje utbetalt trygd før jul.

kirke knarvik

FULL STOPP: Dette byggeprosjektet på ei kyrkje i Knarvik er stoppa opp som følgje av konkursane.

Foto: 03030-tipser

Tysdag vart det kjend at Walde Entreprenør og Walde Byggvare har gått konkurs. No ser situasjonen ekstra mørk ut for dei som mister jobben.

– Det er klart det er tøft med ein konkurs før jul. Dei får ingen utbetaling av desemberløn, inga trygd, ingenting som kjem inn på konto når det normalt kjem ei løn med halv skatt. Då kan ein tenke seg at det ikkje er noko hyggjeleg, seier leiar i fagforeininga Unionen, Stein Bruse Hofstedt.

Ingen utbetalingar før jul

Ifølgje Hofstedt synte dagens møte med dei tilsette at dei vart svært prega.

– Alle er lite glade for dette, men dei har teke det med fatning. Nokre har klart å skaffe seg arbeid med ein gang. Andre vil måtte gå den tunge vegen til NAV. Forhåpentlegvis klarar alle å få seg jobb etter kvart, men det er jo tidspunktet her som er litt spesielt, seier fagforeiningsleiaren.

Tommy Johansen

STØTTAR OPP: Assisterande fylkesdirektør i NAV, Tommy Johansen, seier dei gjer sitt beste for å hjelpe dei konkurs-ramma.

Foto: NRK

NAV vart raskt involvert etter at konkursane vart kjend, og er no i gang med å registrere og behandle søknader om dagpengar som ein del av dei tilsette har krav på.

– Det vil gå noko tid før desse vert utbetalt, men vi jobbar så fort som mogleg, seier assisterande fylkesdirektør i NAV, Tommy Johansen.

Likevel kan han slå fast at det ikkje er mogleg å betale ut noko som helst før jul.

– Det toget er nok gått, seier Johansen.

– Gode jobbmoglegheiter

Sjølv om dei som har mista jobben no går ei tøff tid i møte, har fylkesdirektøren tru på at dei aller fleste vil vere i arbeid igjen til påske.

– For erfarne ingeniørar og personar med fagbrev vil det vere gode moglegheiter, men det er klart at akkurat denne tida på året er det noko laber aktivitet innan bygg og anlegg. Det er gjerne ein del permitteringar grunna vinterhøve, så då vert det ein naturleg dempa aktivitet. Men vil tru at når vi nærmar oss påske vil dei aller fleste vere i jobb, seier han.

I samband med å registrere og behandle søknader prøvar NAV å gjere dette så smidig som mogleg. Onsdag opna dei kontora i Nordhordland ein halvtime før normalt for å ta imot dei som no har mista jobben.

– I tillegg vil vi hjelpe med å formidle desse til andre som har behov for arbeidskraft, for det er heilt klart eit slikt behov i mange andre verksemder som er i same bransje, seier Johansen.

Siste video

Sigrid ble onsdag tildelt den internasjonale EBBA-prisen.