FÅR HJELP AV KRIPOS:
Politiet får hjelp frå Kripos si valdtektsgruppe, etter at ei 26 år gamal kvinne melde frå om ei overfallsvaldtekt på Nordnes i Bergen sentrum i går kveld. Politiet jaktar ein mann i 30-åra. – Kripos skal hjelpe med det taktiske, fortel politiførstebetjent Jannicke Bremer Johannesen til NRK. Dei har fått inn fleire tips etter at saka vart kjent i dag.