Det har gått seks dagar sidan flammane herja i Kong Oscars gate i Bergen. I storbrannen vart sju personar huslause, som sidan torsdag har fått tilbod om oppfølging av Bergen kommune sitt psykososiale kriseteam.
– Eg snakka med alle på telefon i går. Dei har det etter forholda bra, fortel leiar Jørn Ivar Rande til NRK.
Dei evakuerte har ordna seg med mellombels husvære, anten heime hjå familie eller via forsikringsselskap og Nav.
Får flytte heim igjen
Rande fortel at to personar no har fått beskjed om at dei kan få flytta tilbake igjen til heimane sine.
– Alle er i fortløpande dialog med politi og brannkorps. Det kan sjå ut som at fleire vil få tilbod om tilbakeflytting etter kvart, for forholda i heimane deira skal vera betre enn først frykta, fortel Rande.
Om alle vil tilbake er likevel usikkert. Rande og dei andre i kriseteamet er tett på.
– På ringerunden i går spurde vi korleis dei har det og om dei har behov for vidare oppfølging.
Brannårsak framleis ukjent
Etter å ha tatt ein pause i helga, er politiet i full gang med å undersøka kva som gjorde at brannen starta natt til torsdag.
To krimteknikarar har sidan i går etterforska åstaden. Det er venta at dette arbeidet vil halda fram til og med onsdag, men det kan også ta lenger tid.
– Det er trongt, og det er fare for nedfall frå hus som har brent. Dette kan derfor ta tid, sa leiar Knut Ellertsen ved brann- og tjuveriavsnittet ved Bergen sentrum politistasjon til NTB måndag ettermiddag.