Hopp til innhold

Får flyktningar og rusmisbrukarar ut i jobb

– Det er ikkje bra å ligga heime og sova heile dagen. Du må vera i aktivitet og gjera noko gøy, seier Abdirahim Mohammed.

Abdirahim Mohammed

RYDDAR SKOG: Abdirahim Mohammed kom til Noreg som flyktning frå Somalia, og har hatt vanskeleg for å få seg jobb. No håpar han arbeidstreningsprosjektet i Øygarden kan hjelpa.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Eg held fram her til eg får meg ein skikkeleg jobb, seier Abdirahim Mohammed.

Ved Norlavatnet i Øygarden er han i full sving med å kasta greiner på bålet. Saman med fem andre vanskelegstilte ryddar flyktningen frå Somalia skog.

– Vi ryddar langs heile vegen, slik at ein kan sjå vatnet. Vi har alltid noko på gang, som vi kan setje folk i arbeid med, seier Asbjørn Toft.

Dei siste tre åra har Øygarden kommune hatt stort utbytte av eit arbeidstreningsprosjekt med flyktningar, rusavhengige, tidlegare kriminelle og ungdommar som ligg i faresona.

Starta tilfeldig

Toft og makkeren Nordvald Vik starta prosjektet, nærast tilfeldig. Då dei to jobba med å tilrettelega turstiar og restaurera båtar, trengde dei arbeidskraft.

– Vi hadde nokre store og tunge jobbar, og tok kontakt med kommunen for å høyra om dei kunne hjelpa oss. Dei tok kontakt med Nav, og vi fekk mange fine ungdommar til å hjelpa oss, fortel Toft.

Det vesle initiativet har no blitt om til eit større og meir profesjonelt prosjekt som har gjort at fleire vanskelegstilte har kome seg i ordinært arbeid.

Øygarden kommune får tilskot frå Arbeids- og veldferdsdirektoratet til arbeidstreningsprosjektet, og lyser no ut midlar til tiltak av typen som dei siste vekene har gått føre seg ved Norlavatnet.

– Det er ikkje bra å ligga heime og sova heile dagen. Du må vera i aktivitet og gjera noko gøy, fastslår Mohammed.

Asbjørn Toft og Norvald Vik

ELDSJELER: Asbjørn Toft (t.v.) og Norvald Vik driv prosjektet på frivillig basis.

Foto: May-Helen Rolfsnes / NRK

– Kan gi mindre kriminalitet

Dei som blir med i prosjektet får jobba ute i naturen tre dagar i veka. Målet er å auka livskvaliteten og kvardagsmeistringa, men og å integrera personane i arbeidslivet.

Kriminalorsorgen i Bergen trur prosjektet kan vera med på å hindra kriminalitet.

– Eg trur slike tiltak kan bidra til at folk finn meiningsfulle ting å driva med. For mange kan vera det som gjer at ein held seg unna kriminalitet, seier fengselsleiar Harald Åsaune i Bjørvin fengsel.

Fekk jobb

Øyvind Andersen er mellom dei som har kome seg ut i ordinær jobb gjennom prosjektet. Han jobba for Toft og Vik, og kom på den måten i kontakt med Kystmuseet i Øygarden.

– Fordi eg jobba her, byrja ballen å rulla. No jobbar eg tre dagar i veka på kystmuseet, fortel Andersen.

Toft og Vik er blitt pensjonistar sidan prosjektet starta, og er no arbeidsleiarar på frivillig basis. Det set deltakarane stor pris på.

– Eg synest det er heilt utruleg at det gjer det. Utan dei ville det ikkje vore noko i det heile tatt, seier Andersen.