Hopp til innhold

Får fire millionar kroner i bot etter dødsulukke

Tømrar fall nesten ti meter og mista livet under arbeid i parkeringsanlegget. Veidekke godtek bota.

Tunnel Sotra

PARKERINGSANLEGG: Det var under arbeid i dette parkeringsanlegget på Sotra at den 48 år gamle mannen mista livet. Tømraren fall nesten ti meter frå det øvste parkeringsdekket. Veidekke har godteke ein bot på fire millionar kroner.

Foto: NRK

Det var i april 2014 at ein 48 år gamal mann mista livet under arbeid med Kystbygarasjen på Sotra utanfor Bergen. Mannen fall nesten ti meter ned frå det øvste parkeringsdekket og døydde truleg momentant.

No har arbeidsgjevaren Veidekke Entreprenør fått eit bot på fire millionar kroner etter dødsulukka, skriv avisa Vestnytt.

Politiet i Hordaland meiner Veidekke braut fleire paragrafar i arbeidsmiljølova, og selskapet har godteke bota.

Fall gjennom opning

Mannen jobba med å montera dei seks siste etasjeskiljarane på det øvste parkeringsdekket då den tragiske ulukka skjedde. Vestnytt skriv at etasjeskiljarane vart trekt på plass ved hjelp av ei jekketalje som vart styrt med menneskekraft.

Om lag ein meter frå der talja vart styrt, var det ei opning mellom dekket og fjellveggen inne i anlegget. Denne opninga var litt over ein meter brei og var sikra med eit rekkverk.

Då ein tryggleikspinne knakk og jekkestanga losna, mista arbeidaren balansen og fall mot rekkverket.

Ikkje godt nok sikra

Rekkverket var sett saman av to liggjande treplankar festa til stålstolpar. Avstanden mellom stolpane var på over tre meter. Rekkverket var ikkje nok til å hindra at mannen fall utfor og nær ti meter ned på betongdekket i parkeringshallen.

Politiet meiner Veidekke har brote paragrafen i arbeidsmiljølova som seier at det skal monterast sikring mot fall der det er naudsynt. Dei meiner også at Veidekke ikkje utarbeidde ein skriftleg instruks om korleis arbeidet skulle utførast og kva tryggleikstiltak som skulle setjast i verk.