Får dårlegare ferjetilbod fordi el-ferjene må lada: – Dette vil rasera lokalsamfunnet

«Ferjetilbodet i Sunnhordland er redda», jubla Senterpartiet i valkampen. Men no slår fylkesrådmannen fast at det både blir for dyrt og juridisk vanskeleg å få rutetilbodet tilbake.

MF Kvinnherad

FÆRRE AVGANGAR: MF «Kvinnherad» mellom Skånevik og Utåker i 2016. Dei gamle dieselferjene på mange vestlandsfjordar skal få avløysing av elektriske ferjer. På grunn av ladetida blir det færre avgangar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Mange jubla då Hordaland fylkeskommune vedtok at klimaverstingane på dei vestnorske fjordane, dieselferjene, skulle fjernast og bytast ut med miljøvennlege batteriferjer.

Men fordi batteriferjene treng lang ladetid, betyr det at det blir færre avgangar enn med dagens rutetilbod.

Spesielt har færre avgangar om morgonen og ettermiddagen, til nye og mindre passande tider, skapt sterke reaksjonar blant både pendlarar og politikarar i Sunnhordland.

På sambandet Jektavik-Hodnanes-Huglo blir tilbodet frå nyttår sterkt redusert i rushtida på morgonen og ettermiddagen, fordi el-ferjene får ekstra liggetid ved lading.

NRK har tidlegare fortald om pendlarar på Tysnes som opplever å måtte ta støyten for miljøsatsinga.

Kostar 80 millionar i året

I august forsøkte fylkesutvalet i Hordaland å finna ei løysing på saka.

Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti reiste i valkampen til Sunnhordland og nærast lova å fiksa problemet.

«Ferjetilbodet i Sunnhordland er redda», skreiv no nyvald fylkesordførar Jon Askeland (Sp) på Facebook.

Hurra! Ferjetilbodet i Sunnhordland er redda! Senterpartiet og KrF har i dag hatt ferjeaksjon i Sunnhordland, med fokus...

Publisert av Jon Askeland Mandag 26. august 2019

Men i møtet i august stemte dei for å utsetja saka til neste møte, saman med Ap og SV.

Fleirtalet ville i staden vita meir om kva det ville kosta å vidareføra dagens rutetilbod og kva miljøkonsekvensane ville bli.

Det har fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen no sett på.

Å behalda dagens rutenivå på fylkesferjene vil kosta 80 millionar kroner ekstra, skriv rådmannen i eit ferskt forslag. I tillegg vil det kosta 55 millionar i eingongsutgifter første året.

Difor føreslår ho heller ei løysing som kostar 10 millionar kroner meir. Det betyr at ein får behalda eit par av avgangane i dei mest hektiske pendlarperiodane, men tilbodet vil framleis vera kraftig svekka frå i dag.

Pendlar Sigmund Hovland, som tidlegare har vore svært kritisk til kutta, er ikkje imponert.

– Dette forslaget vil rasera tysnessamfunnet, meiner han.

Ferjependlar Sigmund Hovland på Tysnes

– RASERING: Ferjependlar Sigmund Hovland fryktar det nye rutetilbodet på sambandet Jektavik-Hodnaneset-Huglo vil svekka tilhøva for pendlarar og næringsliv på Tysnes.

Foto: Privat

Ordføraren: – Vi er heilt avhengige av desse ferjene

Pendlarar frå Tysnes som skal ta ferja frå Hodnanes til Jektevik på Stord får framleis færre avgangar enn før.

– Det er jo allereie køar på dei dagens pendlarruter. Eg veit ikkje korleis dette skal gå opp, seier Hovland.

Han får støtte frå Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H).

– Det som kjem fram i framlegget i dag, er at det er tydeleg at ein meiner dette er for dyrt. Men dette arbeidet skulle dei har starta på for lenge sidan, når vi har skrike om dette så lenge. Ein legg opp til enorme rutekutt, særleg på Jektevik-Hodnanes, seier Kleppe.

Han er positiv til at fylkesrådmannen legg opp til nokre fleire avgangar morgon og ettermiddag enn i det første utkastet, men seier dei vil kjempa vidare for at meir pengar skal koma på bordet.

– Dette rammar pendlarane spesielt, men heile samfunnet er avhengig av å kunne koma seg til og frå Tysnes. Det er som om vegen vår vil bli stengd mange timar i løpet av eit døgn. Ein kunne jo ha sett på kva reaksjonar det ville blitt om det hadde skjedd i Bergen, seier Kleppe.

– Er du einig i at dette ein rasering av tysnessamfunnet?

– Det er ein rasering av ferjetilbodet, som har stor påverknad på samfunnet. Vi er heilt avhengige av desse ferjene, seier ordføraren.

Tysnes-ordførar Kåre Martin Kleppe (H)

TYSNES-ORDFØRAR: Kåre Martin Kleppe.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

Vil gjeninnføre dieselferjer

Men fylkesrådmannen meiner det blir både dyrt og mindre miljøvenleg å halda på same tilbod som i dag. For på grunn av ladetida må ferjene då gå på diesel i dei mest hektiske periodane med mange avgangar.

– Du vil få høgare utslepp enn planlagd, det vil bli dyrare fordi du må betale for diesel og anna drivstoff og for auka bemanning, seier Håkon Rasmussen, fylkesdirektør for samferdsel i Hordaland fylkeskommune.

Om ferjene skal gå på diesel delar av dagen for å halde oppe rutetilbodet, meiner fylkesadministrasjonen at utsleppa blir så høge at både dei og operatørane av ferjerutene risikerer å miste miljøstøtte frå blant anna Enova.

Også med det nye framlegget må ferjene gå litt på diesel, men ikkje så mykje at det gjer at ferjene mister miljøstøtte. Dette framlegget rår fylkesrådmannen politikarane til å stemma for i møtet i fylkesutvalet torsdag.

Håkon Rasmussen, fylkesdirektør for samferdsel, Hordaland fylkeskommune

DIREKTØR: Samferdsledirektør Håkon Rasmussen i Hordaland fylkeskommune avviser at endringane vil rasera samfunnet på Tysnes.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Juridisk vanskeleg

I tillegg til dei økonomiske kostnadene, meiner fylkesrådmannen at ein vil få problem med anbodsregelverket om ein ber om mange fleire avgangar.

– Det er grenser for kva vi får lov til å endra. Det betyr at vi kan ikkje be om eit heilt anna tilbod enn det vi bad om i konkurransen, seier Rasmussen.

Administrasjonen føreslår vidare få til eit samarbeid med operatørselskapa for å sjå om det er mogleg å få til fleire ruter.

– Dette er nytt for oss, og det er nytt for operatøren. Alle som har kjøpt seg ein elbil dei siste åra veit at det tar tid å bli kjent med bilen og kor lang rekkevidd den har. Difor føreslår vi at vi haustar erfaringar saman med operatørane i året som kjem for å finne ut korleis ein kan utnytte kapasiteten i dei nye båtane og ladeanlegga mest effektivt.

Difor kan det vere håp om at det kjem fleire avgangar etter kvart, seier Rasmussen.

Kva vil du seia til pendlarar og næringsliv på til dømes Tysnes som meiner dette vil gå hardt ut over dei?

– Vi har hatt god dialog med kommunane og forsøkt å legge vekt på pendlartilbodet. Vi trur at det tilbodet vi no føreslår er så nært dagens tilbod at det i veldig liten grad vil påverke interessene til næringslivet, seier Rasmussen.

– Eg ser ikkje at dette vil rasere noko som helst.