NRK Meny
Normal

Får 8000 i bot etter droneflyging her

Bergenspolitiet har delt ut si første drone-bot. Det skjedde etter ulovleg flyging over 15.000 menneske på The Weeknd-konserten på Koengen.

The Weeknd på Koengen i Bergen

STOR KONSERT: Dronar skal halda minst 150 meters avstand til folkemengder på meir 100 personar. Det var ca. 15.000 til stades då The Weeknd spelte på Koengen.

Foto: Silje Klungland

4. juli måtte politiet i Bergen gripa inn då ein person flaug ein drone over ca. 15.000 frammøtte på The Weeknd-konserten på Koengen. Han flaug dermed over ein stor folkemengde, som i utgangspunktet ikkje er lov.

Dronepiloten, som stod utanfor konsertområdet, fekk dronen si inndratt, og blei i dag pålagt å betala 8000 kroner etter brot på forskrifta som regulerer droneflyging.

Dette blei den første drone-bota politiet delte ut i byen, men det blir neppe den siste. Politiet fryktar ulykker, og varslar at ulovleg droneflyging vil ha høg prioritet i tida framover.

– No har me ikkje hatt så veldig mange uhell med dronar endå, men det er greitt å vera litt i forkant, seier Gustav Landro i Vest politidistrikt.

Gustav Landro, Vest politidistrikt

BEKYMRA: Gustav Landro i Vest politidistrikt fortel at politiet er bekymra for ulykker.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Folk veit ikkje kva som er lov

I dag kan kven som helst skaffa seg mindre dronar, og Landro fortel at politiet i Vest politidistrikt må ta høgde for at stadig fleire går i butikken og kjøper seg drone. Politiet åtvarar no mot farane.

– Tenk deg scenarioet der ein drone fell ned over ei folkemengde på 15.000 menneske, sånn som det var på VG-lista og The Weeknd-konserten, seier Landro.

Han fortel at personar som får dronen over seg kan bli hardt skada, og at det kan oppstå panikk, med alt av skader som det kan medføra. Han peiker på at det ved store arrangement gjerne også er film og bildeforbod.

På The Weeknd-konserten braut dronepiloten både fotoforbodet og forskrifta om flyging av dronar. Landro fortel at det kan verka som folk ikkje veit at det finst ei forskrift om dette.

– Folk rettar seg stort sett etter reglar når dei er opplyste om dei, det ser me i andre samanhengar. Folk må rett og slett vera oppdatera seg på regelverket.

Han seier at politiet viser til Luftfartstilsynet sine reglar om bruk av hobbydronar på opp til 2,5 kg, og trekker spesielt fram desse punkta:

Ekstra strengt under sykkel-VM

Under sykkel-VM i Bergen vil det vera ekstra strengt. Då kjem det til å vera flyforbod over heile Bergen sentrum, og i tillegg over deler av resten av sykkelløypa.

– Det blir kamera-helikopter, men også luftambulanse og politihelikopter skal kunna bruka luftrommet. Me må avgrensa aktiviteten i lufta, sånn at me har full kontroll, seier Gustav Landro.

Han fortel at politiet er spesielt bekymra for dei mindre dronane som kven som helst kan få fatt i, ettersom ein normalt må ha kurs eller bevis for å fly dei som er større og tyngre.

– Betyr det at eg ikkje kan gå ut og fly mi eiga vesle drone i Sandviken?

– Ja, sjølv om han er bitte liten kan han gjera veldig stor skade om han kjem på avvege, svarer Gustav Landro.