Hopp til innhold

Får 7,5 millionar for Mathallen

Bergen kommune får 7,5 millionar i erstatning for dei mange feila og manglane på Mathallen på Bryggen. Kommunen saksøkte Sweco, som er leverandør av bygget, men partane er no nøgde med forliket, skriv BA. Advokat Karl Fartein Løseth seier til avisa at kommunen med dette unngår ei langvarig rettssak om Mathallen.