Får 35.000 liter vatn frå Forsvaret

Forsvaret sender 35.000 liter vatn til Askøy kommune, ifølgje VG. Vatnet er frå eit overskuddslager frå NATO-øvinga Trident Juncture som blei halden i Noreg i fjor haust. Rundt 2000 personar har truleg blitt sjuke grunna drikkevatnet på Askøy.