NRK Meny
Normal

18 millionar kroner meir til Helse Bergen

Rusakutten i Bergen blir no godkjent som vanleg sjukehusbehandling. Det betyr mange millionar kroner ekstra i året til Helse Bergen.

Haukeland universitetssykehus

18 MILLIONAR MEIR: Rusakutten blir frå nyttår av rekna som ordinær sjukehusbehandling. Det betyr 18 millionar kroner meir i året for Helse Bergen, opplyser økonomi- og finansdirektør Eivind Hansen i Helse Bergen.

Foto: Helse Bergen

Etter tre års ventetid, blir rusakutten ved Helse Bergen no godkjent som vanleg sjukehusbehandling, skriv BT.no.

– For Helse Bergen betyr det minst 18 millionar kroner årleg i auka inntekter, konstaterer økonomi- og finansdirektør Eivind Hansen til avisa.

Norske sjukehus får halvparten av inntektene sine frå såkalla innsatsstyrt finansiering. Det vil seie at sjukehusa får pengar per pasient dei har inne til behandling. Når rusakutten ved nyttår blir rekna som ordinær sjukehusbehandling, betyr det meir pengar å rutte med for Helse Bergen.

LES OGSÅ: Den nye rusakutten opna

– Har tapt ein million i månaden

Haukeland universitetssykehus

ORDINÆR BEHANDLING: Helse Bergen får 18 millionar kroner meir i året når rusakutten frå nyttår av vert rekna som ordinær sjukehusbehandling.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Helsedirektoratet har bestemt at rusakutten fyrst frå januar 2015 skal inn under ISF-ordninga (innsatsstyrt finansiering). Men Helse Bergen meiner dei har gått glipp av millionar av kroner, fordi rusakutten ikkje har gått inn under denne ordninga tidlegare.

Hansen meiner datoen for vedtaket bør gjelde frå 1. april 2013 då Helse Bergen tok over heile ansvaret for rusakutten, og at dei bør få finansiering frå dette tidspunktet, ikkje berre frå og med nyttår.

– Me vil melde tilbake til direktoratet at me er ueinige i datoen som er sett, seier Hansen.

– Fyrst no tilfredsstiller rusakutten kriteria

Avdelingsdirektør Leena Kiviluoto i Helsedirektoratet meiner rusakutten ikkje før no har fylt kriteria for å komme inn under ISF-ordninga.

Ho er ueinig med Hansen i at spørsmålet om ISF-finansiering handlar om minst ein million kroner i månaden.

– Tilbodet har i heilskap vore finansiert gjennom rammetilskotet til Helse Vest. Omlegginga fører ikkje med seg nokre «friske» pengar. Den einaste forskjellen er at med ISF deler staten på utgiftene når aktiviteten aukar, seier ho til BT.no