Hopp til innhold

Fann to hovudskallar i Bergen

I forbindelse med gravearbeid ved jernbanestasjonen i Bergen sentrum, er det funne to hovudskallar, skriv Bergensavisen. – Dei stammar truleg frå ein kyrkjegard som låg der før, seier operasjonsleiar Lars Geitle til NRK. Politiet har likevel sendt krimteknikar og antropolog til staden for å gjera undersøkingar.