Hopp til innhold

Leiteaksjon enda godt

Klokka 05:15 fekk politiet melding om at ei 19 år gamal kvinne var sakna frå Ny-Paradis i Fana i Bergen kommune. Politiet leita etter kvinna med fire einheitar.

Kvinna er psykisk utviklingshemma, har ikkje språk, og klarar seg ikkje sjølv.

Kvinna vart sist sett klokka 23.00, ved leggetid. Politiet leita i nærområdet i tilknyting til bustad, med fire einheitar.

– Ein hundepatrulje fann denne kvinna ikkje så langt unna bustaden, og det skjedde klokka 06.42 i dag tidleg, seier Erik Hole som er operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

Politiet hadde sendt opp fire einheitar, med hundepatrulje og innsatsleiar, to politipatruljar. Luftambulansen var med i overflatesøk.

Politiet vurderte å kalle inn båtar for å delta i søket.

Norske Redningshunder og Røde Kors vart varsla.