Hopp til innhold

Dette biletet er teke i 1980. Laurdag fann Nicolas kortet att i ei bruktsjappe i Kristiansund

Fransk-bergenske Nicolas trudde knapt sine eigne auge då han bladde gjennom bunken med gamle postkort i ein bruktbutikk i Kristiansund denne helga.

Fant postkort etter 34 år

FANT IGJEN BREVET ETTER 34 ÅR: Her står Nicolas Mahé de Berdouaré saman med bestefaren sin, under konfirmasjonen hans i Bordeaux, juni 1980. Bestefaren held truleg i det same postkortet som Nicolas fann att i ein bruktbutikk i Kristiansund, 34 år etter.

Foto: Montasje / Privat

Nicolas med mor og besteforeldre

BREV FRÅ KONFIRMASJON: Her er familien samla i konfirmasjonen til Nicolas i Bordeaux, juni 1980. Frå denne turen sendte besteforeldra postkort heim til Bergen. Nicolas har 34 år seinare funne igjen det eine kortet i Kristiansund. Bak frå venstre: Bestemor Signe Stødle, mor Elin Mahé de Berdouaré, bestefar Einar Riber Stødle. Framme står Nicolas i kvitt saman med sin bror Cedric.

Foto: Privat

Eg kjende att handskrifta med ein gong.

Nicolas Mahé de Berdouaré

For blant dei mange postkorta i bunken oppdaga han eit kort skrive av besteforeldra hans frå Bergen.

Som om ikkje oppdaginga er utruleg nok allereie, så viser det seg at kortet er sendt frå Nicolas sin eigen konfirmasjon i Bordeaux i juni 1980, til nokre vener av besteforeldra i Bergen.

– Det er heilt sprøtt. Oddsen for at det skjer,... Nei, det er heilt utruleg, seier Nicolas til NRK.

På besøk i Kristiansund

Nicolas Mahé de Berduoaré (45) er halvt-fransk og halvt bergensar. Han er fødd i Bordeaux, men har mor frå Fana. Bestemora er fødd på Paradis i Bergen i mars 1913, medan bestefaren kom frå Sandviken.

For 17 år sidan flytta han til Noreg og i dag er han gift med ei kvinne frå Kristiansund. Begge er busett i Oslo, og Nicolas er vinhandlar.

På laurdag var han i besøk til svigerforeldra i Kristiansund, og tok tilfeldigvis turen innom bruktbutikken "Postkorthjørnet". Ved ein vegg ser Nicolas fleire skoesker som er fulle av postkort.

Helsing frå Bordeaux

– Dei var organisert etter land og distrikt, så eg byrja å bla gjennom bunken med kort frå Frankrike. Det var veldig mange kort, fortel han.

Med eitt stoggar han ved eit gammalt postkort frå Bordeaux.

– Eg tykte det var morosamt, så eg snudde kortet for å sjå. Eg kjende at handskrifta med ein gang, fortel Nicolas om det utrulege funnet.

Fann brev frå besteforeldra

HELSING FRÅ BORDEAUX: Her er helsinga som besteforeldra sende frå konfirmasjonen til Nicolas i Bordeaux, juni 1980.

Foto: Nicolas Mahé de Berdouaré / Privat

Dukka opp 34 år seinare

I brevet frå juni 1980 skriv besteforeldra hans Einar Riber Stødle og Signe Stødle til sine vener i Bergen. Dei fortel at dei nyt opphaldet i den franske byen.

Kjære begge 2. En liten hilsen fra byen dere var i for lenge siden. Vi har det deilig hos Elin og Erik . På gjensyn, «Au revoir»

Einar og Signe Stødle i brev til venner i Bergen

Der var dei altså i forbindelse med konfirmasjonen til Nicolas.

– Og så dukkar det opp 34 år seinare i Kristiansund. Eg forstår ikkje korleis det er mogleg. Det var fleire tusen postkort i den butikken, det var uverkeleg.

– Teikn frå himmelen

Nicolas Mahé de Berdouaré

BETALTE 10 KRONER: Nicolas Mahé de Berdouaré gav 10 kroner for postkortet til besteforeldra.

Foto: Privat

45-åringen fortel at han var mykje på Krokeide i Fana som barn og i tidleg ungdom. Vinhandlaren legg ikkje skjul på at funnet av kortet betydde mykje for han

– Vi hadde eit veldig godt forhold, eg og mine besteforeldre. Så då eg fann kortet så tok eg det som eit teikn frå himmelen. Det varma hjartet mitt og det gjorde meg veldig glad.

Trebarnsfaren byrjar å le når han tenkjer på kor sprø historia hans faktisk er.

– Eg måtte jo kjøpa det og betalte 10 kroner! Eg tenkte også at eg burde tippe lotto same kveld.

100.000 kort i butikken

Det er Stig Sæther som er innehavar av butikken "Postkorthjørnet" i Kristiansund. Han fortel at han har over 100.000 kort i butikken, som han har drive i kring 15 år.

– Det var ikkje eg som var på jobb på laurdag, men eg har høyrt frå ho som var her at han vart veldig glad, seier Sæther til NRK.

– Korleis har det seg til at eit kort sendt frå Bordeaux til Bergen hamnar i butikken din i Kristiansund?

– Det kan ein jo lure på, ler Sæther.

– Det er nok eit kort som har vore i ein bunke med andre postkort som eg har kjøpt på auksjon ein eller anna stad. Kva tid eg har kjøpt det er umogleg å seia.

Har skjedd før

Det er faktisk ikkje første gong at butikken til Sæther har vore staden for dei heilt store oppdagingane.

– Eg hadde eit kort med eit bilete frå eit vikingspel i Trøndelag. Biletet var av personar som var skodespelarar i spelet. På framsida stod det skrive med kulepenn "dette er pappaen min". Og dottera som skreiv det, fann att kortet her i butikken min, fortel Sæther.

– Då hadde eg ikkje hjarta til å ta betalt, ler innehavaren.

Han seier det er artig når det skjer slike oppdagingar i butikken.

– Det er tilfella som rår, heilt klart.