Hopp til innhold

Fann overgrepsmateriale hjå vitne

Ein mann i 20-åra vert torsdag framstilt for varetektsfengsling i Bergen tingrett, sikta for å mellom anna ha lasta ned og videreformidla overgrepsmateriale. Mannen vart først avhøyrt som vitne i samband med svindelsaka gjennom bilpleiedrift i Bergen. – Vi meiner vedkommande bevisst gav ei falsk forklaring. Politiet gjorde beslag i mobiltelefonen hans, og fann overgrepsmateriale som involverer barn i barnehagealder. Mannen, som er spansk statsborgar, er i tillegg sikta for falsk forklaring, bedrageri mot Nav og køyring utan gyldig førarkort i Noreg i to år. Strafferammen er på tre år, seier politiadvokat Rudolf Christoffersen.