Hopp til innhold

Fann nedkjølt mann i snøen på Finse

Ein hytteeigar fann ein nedkjølt skiløpar ved Finse.

– Det er ein hytteeigar som har funne ein mann i 70-årsalderen nedkjølt i terrenget om lag ein kilometer sør for Finse, seier operasjonsleiar Terje Erichsen ved Hordaland politidistrikt til NRK.

Meldinga kom inn i 9-tida, og ein snøskuterpatrulje frå Røde Kors på Finse rykka ut til staden.

– Dei skal ta mannen med seg til hotellet på Finse og ta ei ny vurdering der. Det er ikkje ver til å fly helikopter, så mannen må eventuelt fraktast med toget viss han må til lege eller sjukehus, seier Erichsen.

Politiet er ikkje direkte involvert i aksjonen, og Erichsen har difor ikkje fleire opplysningar om hendinga. Mannen skal vera frå Nederland, og er i området for å gå på skiturar.

Seinare viser det seg at mannen er i betre form enn dei første opplysningane tyda på.

– Han treng ikkje noko meir hjelp, seier operasjonsleiaren.

Finse ligg drøyt 1200 meter over havet, og har den høgastliggande stasjonen på Bergensbanen.

finse