NRK Meny
Normal

– Her gjekk kula gjennom trampolinen vår

Vibeke Blomvågnes varsla politiet etter å ha funne rikosjettar på trampolinen i hagen. Politiet har mellombels stengt ei skytebane like ved.

Kulehol Krohnegården

KULEHOL: Her fann sonen til Vibeke Blomvågnes i dag ein rikosjett etter eit skytevåpen. I den innringa sirkelen ser ein holet Blomvågnes meiner kula må ha gått gjennom.

Foto: Vibeke Blomvågnes

– Guten min (9) hoppa på trampolinen i hagen. Så kom han springande inn til meg, «sjå kva eg fann på trampolina!». Då såg eg at det var det ein prosjektilrikosjett, fortel Vibeke Blomvågnes som bur ved Khronegården i Bergen.

Vibeke Blomvågnes

– EG FEKK HJARTA I HALSEN: Sonen til Vibeke Blomvågnes fann prosjektilrikosjettar på trampolinen i hagen.

Foto: privat

Khronegården ligg like ved ei skytebane. Fleire bebuarar i nabolaget har tidlegare funne kulehol på terrassar og husvegger, samt rikosjettar frå skytevåpen. Dei meiner desse stammar frå bana like ved.

Då Blomvågnes sprang ned i hagen for å undersøke trampolina såg ho at nettingen var bøygd innover og hadde fått to små hol i seg.

– Kvar elles kan dei komme frå? Det er ingen andre som skyt her, seier Blomvågnes.

Ho varsla politiet som rundt klokka 16 i dag kom for å undersøke staden. Politiet har no mellombels stengt skytebana.

– Me kjenner oss ikkje trygge

I eit av nabohusa bur Trude Gulbrandsøy. Ho har tidlegare funne ein prosjektilrikosjettar kring huset.

Trude Gulbrandsøy

– MÅ NOKON BLI SKOTNE FØR DET SKJER NOKO? Trude Gulbrandsøy har funne fleire rikosjettar utanfor huset i Khronegården i Bergen.

Foto: Privat

– Me fann ein prosjektil som hadde gått rett i husveggen. Det var eit godt merke etter den. I går fann ein nabo to nye utanfor garasjen vår. Det er skremmande og ekkelt når ein har barn som går rundt her.

Politiet undersøkte i dag også området kring huset til Gulbrandsøy.

– Dei har vore her før, men det blir jo ikkje gjort noko med. Me byrjar jo å lure på om nokon må bli skotne før det skjer noko.

Gulbrandsøy fortel at fleire naboar har funne prosjektilrikosjettar frå skytevåpen kring husa sine.

– Me føler oss rett og slett ikkje trygge.

Har stengt skytebana

– Me sendt ut patruljar for å undersøke området i Krohnegården like etter klokka 16 i dag. Patruljane har no mellombels stengt skytebana like ved, seier operasjonsleiar i politiet Terje Magnussen.

Han seier politiet no held fram undersøkingane for å finne ut kva som har skjedd, og kvar rikosjettprosjektilane kjem frå.

– Syner det seg at dei kjem frå skytebana må me følgje opp og komme med tiltak ut frå det, seier Magnussen.

– Alvorleg lei av skuldingane

kulehol

– FANN KULEHOL I HUSVEGGEN: Trude Gulbrandsøy tykkjer det er skremmande og ekkelt å finne spor etter kuler kring huset.

Foto: Privat

Leiar i Bergen pistolklubb, Øystein Fykse fekk melding om at bana var stengt av medlemmar i klubben. Han har endå ikkje snakka med politiet.

– Me byrjar å bli alvorleg lei av å bli skulda for dette. Dette er tredje gong på kort tid desse bebuarane kjem med skuldingane.

– Me tykkjer det høyrest veldig rart ut at prosjektilrikosjettane skal komme frå vår bane.

Øystein Fykse seier skytebana er godkjent for bruk av politiet. Dei har heller ikkje gjort endringar på bana i etterkant av godkjenninga.

– Politiet må jo få gjere jobben sin for å undersøke om dette stemmer. Det forstår me. Men at kulene skal komme frå oss er totalt usannsynleg.

Fykse reknar med at bana om ikkje lenge igjen vert opna for bruk.

– Eg fekk hjartet i halsen

Vibeke Blomvågnes meiner på sis side at prosjektilrikosjettane berre kan stamme frå skytebana like ved. Ho har ikkje opplevd å finne restar etter pistolkuler på eigedomen sin før i dag.

– Eg veit folk har funne slike her før. Men eg bur på andre sida av vegen og har følt meg trygg heilt til no.

– Ungane mine og naboungane er jo nede på trampolina og hoppar heile tida. Det er nesten slik at eg ikkje har lyst til å sende dei ut. Eg fekk jo hjartet i halsen.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
programleder Mariann Reikerås
Havørnen terger en måke, da samles kråker og måker for å ta igjen.