Hopp til innhold

– Aldri har eg sett noko så makabert

Jan Holden og kameraten Espen Henriksen gjorde ei grufull oppdaging på havbotnen. Ut av buret dei fann stakk ein kattepote ut mellom sprinklane. – Det vitnar om at katten har kjempa for livet sitt, seier Dyrebeskyttelsen.

Dykkar fann kattebur på botnen av havet

KATTEBUR: Jan Holden og Espen Henriksen fann dette katteburet under ein dykketur sist veke.

Foto: Espen Henriksen

Kattebur på botnen av havet

RONGESUND: Holden og Henriksen fann buret i nærleiken av Rognsund kai i Øygarden i Hordaland.

Foto: Espen Henriksen

– Vi blei heilt sjokkerte over at nokon kunne finne på å gjere noko slikt mot eit stakkars dyr, seier ein av dykkarane, Jan Holden.

Det var torsdag førre veke dei fann buret. Dei to bestemte seg for å kome tilbake for å ta bilete av buret, og vise Dyrebeskyttelsen det grufulle synest dei møtte ved Rongesund kai i Øygarden.

– Kva er det folk driv med? Det at nokon tyr til slike midlar for å kvitte seg med dyra sine er respektlaust og forkasteleg, seier Holden.

Sjokkoppleving

Aldri har Holden funne noko så makabert på tidlegare dykkarturar. Han skildrar funnet av buret som ei sjokkopleving for både han og kameraten, Espen Henriksen.

– Det forstår me godt, det er heilt grufullt at nokon er kapable til å gjera dette. Me veit ikkje kva som er unnskyldninga til den som har dumpa katten, men uansett kva unnskyldning han måtte ha så er den ikkje god nok, seier presseansvarleg Linn Krogstad i Dyrebeskyttelsen Norge til NRK.

– Dette er rett og slett kriminelt og straffbart og det er grunnen til at Dyrebeskyttelsen Norge vil politimelda saka. Me håpar nokon vil komma med tips i saka slik at me kan finna ut kven som er skuldig her, seier ho.

Mistenker at eigaren står bak

Dyrebeskyttelsen presiserer at dei ikkje veit kven som har dumpa katten, men mistenker at det er snakk om ein katteeigar som kanskje har dumpa katten sin fordi han skulle på ferie.

– Me er klar over at mange vel lettvinte løysingar når det ikkje lenger passar å vera dyreeigar. At nokon vel å kasta familiedyra sine på havet har me diverre også høyrt om før, seier pressekontakt Linn Krogstad i Dyrebeskyttelsen Norge.

Katten har truleg drukna då buret blei kasta i sjøen, trur Dyrebeskyttelsen. Poten til katten stakk ut av sprinklane i buret, noko som ifølgje Dyrebeskyttelsen vitnar om kampen katten har kjempa før livet tok slutt.

– Dykkarane fann eit bur på botnen, dei løfta opp buret og kunne sjå ein katt inni som haldt poten ut mellom sprinklane i buret. Det er grunnen til at me trur katten blei dumpa medan den var i live og har drukna etter at den blei dumpa på havet, seier presseansvarleg Linn Krogstad.

Ville få dokumentert om katten var i live

Dyrebeskyttelsen blir omtrent dagleg kontakta om dyr i naud, og i mange tilfelle er også snakk om mishandling.

– Heldigvis er det ikkje ofte me får melding om dyr som er dumpa på denne måten, og som er drukna, men det skjer diverre det også. Det er ikkje alt for lang tid tilbake at det blei funne ein hund som var dumpa på same vis i Nordland, seier Krogstad.

Dyrebeskyttelsen Norge ønskte å få katten obdusert, men katten er oppløyst i vatnet og ein obduksjon vil difor ikkje vera mogleg.

– Me ønskte å få katten obdusert fordi me ønskte å få dokumentert om katten var i live eller om den var død då den blei kasta på havet, seier pressekontakten i Dyrebeskyttelsen Norge.

LES OGSÅ: – Kattedumping blir stadig verre