Skuleborn har blitt sjuke i mange år – no er det funne fukt og asbest

Bergen kommune beklagar etter at det er avdekt fuktskadar og mogleg asbestlekkasje på Varden skule i Fyllingsdalen. – Det er dette me har sagt heile vegen, seier FAU-leiar.

Varden skole

AVDEKTE FUKT OG ASBEST: Varden skule i Fyllingsdalen i Bergen vert for tida rehabilitert. I veggane i hovudbygget vart det avdekt fuktskader og gjennombora asbestplater. Dette kan vera grunnen til årelange helseplager for elevar og tilsette ved skulen.

Foto: Bergen kommune

Tysdag informerte Bergen kommune tilsette ved Varden skule at det er funne fuktskadar og gjennombora asbestplater under arbeidet med rehabiliteringa av skulen. Det skriv Bergen kommune i ei pressemelding tysdag.

Mangeårige helseplager

I fleire år meldte tilsette og elevar om helseplager på grunn av det dårlege inneklimaet.

Allereie i 2010 fortalde NRK om helseproblema ved barneskulen.

For tre år sidan fekk heile 7. trinn ved skule to dagars varsel om flytting. Grunnen var at personale var blitt dårlege av å vera i bygget.

Kommunen har gjennomført tiltak for å betra klimaet, men problema med helseplager har heldt fram. Elevar og tilsette flytta difor i tur og orden frå dei tre skulebygga mellom 2012 og 2014.

Sidan då har skulen stått tom. No er truleg kjelda til problema funnen.

Eg beklagar på det sterkaste at elevar og tilsette har vore utsette for så dårlege bygg at det har ført til helseskader

Kommunaldirektør Anne-Marit Presterud

– Alvorleg, men ikkje uventa

Odd Arild Sundgot Nordstrand er FAU-leiar ved Varden skule. Han er ikkje overraska over funna.

– Det er dette me foreldre har påstått heile vegen. At ungane våre har blitt sjuke av å gå på skulen. Dette er alvorleg, men ikkje uventa.

Då NRK får tak i han er Nordstrand i ferd med å starta det som skulle vera eit ordinært FAU-møte. Sakslista vert skrota etter dagens opplysningar.

– Me hadde eigentleg ei saksliste, men den legg me til sides. No må kommunen kartlegge kor mange elevar i Fyllingsdalen som teoretisk kan vera råka av dette, seier FAU-leiaren.

Anne-Marit Presterud

BEKLAGAR: Kommunaldirektør Anne-Marit Presterud seier Bergen kommune har gjort mykje for å gjera utbertringar ved Varden skule. – Prøvane kommunen tok viste ikkje kva som var gale.

Foto: Ann-Kristin Loodtz

– Beklagar tilhøva

Kommunaldirektør ved byrådsavdeling for barnehage, skole og idrett, Anne-Marit Presterud, seier funna vart gjort i samband med riving av veggane i vår. Først no vert funna publisert. Du kan lesa rapporten her. Ho beklagar viss foreldre føler dei har tala for døve øyre.

– Eg kan forstå at foreldra har opplevd å ikkje bli trudd. Prøvane kommunen tok viste ikkje kva som var gale. Eg beklagar på det sterkastre at elevar og tilsette har vore utsette for så dårlege bygg at det har ført til helseskader, seier kommunaldirektøren til NRK.

Gjennombora asbestplater

I tillegg til omfattande fuktskader har arbeidet avdekka feil ved oppussingsarbeidet på bygget i 2009. I det såkalla 415-prosjektet blei det brukt 450 millionar kroner på å rehabilitera fasader ved fleire skular i Bergen.

I etterkant av oppussingsarbeidet vart inneklimaet forverra. Løysinga var difor å bora hol gjennom ytterveggen for å betra gjennomstrøyminga av luft. Då bora ein samstundes gjennom fleire asbestplater, i staden for at desse vart fjerna.

Statens arbeidsmiljøinstitutt meiner at helserisikoen knytt til frigjering av asbestfibrar frå desse hola er svært liten, ifølgje kommunen.

«Generelt dårlig fagmessig utførelse»

I ein rapport omtalar prosjektleiar for rehabiliteringa av skulen, Ivar Mundal, deler av arbeidet i 2009 som «generelt dårlig fagmessig» utført.

Kommunaldirektør for finans, eigedom og eigarskap, Tor Corneliussen veit enno ikkje om kommunen vil føgja opp saka med firmaa som var involvert for sju år sidan.

– Det er noko me vil vurdera etter kvart. Noko av det som gjer saka vanskeleg er at dette ligg langt tilbake i tid, seier Corneliussen.

Søk i valresultata

valg-dekorasjon