Hopp til innhold

Fann eitt kilo dynamitt ved gjenvinningsanlegg – stort område evakuert

Fleire dynamittkubbar sett av ved gjenvinningsanlegg. Politiet evakuerte eit større område på Litlesotra.

Fant dynamitt ved gjenvinningsanlegg

STORT OMRÅDE: Politiet har sperra av eit område med ein radius på 100 meter etter funn av sprengstoff.

Foto: Espen Hobbesland / NRK

Politiet i Vest politidistrikt har rykka ut til gjenvinningsanlegget til Fjellvar på Lonavegen på Sotra. Fire utdaterte dynamittkubbar blei funne av tilsette ved anlegget, som straks slo alarm.

– Anlegget har teke imot ustabil dynamitt. Dynamitten er krystallisert, dermed er han ustabil og kan gå av, seier politioverbetjent ved Askøy og Sotra lensmannskontor, Kjellbjørn Heggøy.

Sender bilete til ekspertar

Politiet fekk melding om funnet klokka 13.58 og starta evakuering av eit område med ein radius på 100 meter.

Klokka 15.45 opplyser politiet at sprengstoffet er teke hand om og fjerna av fagpersonell. Det skal ha vore snakk om cirka eitt kilo.

Politi, brann og helse var i beredskap utanfor tryggleikssonen dei timane situasjonen stod på. Politiet tok bilete av dynamitten og sende til sprengstoff-leverandøren Orica.

– Me frys situasjonen og passar på, fortalde Heggøy til NRK litt før klokka 14.30.

Klokka 15.30 kom ekspertar frå Orica til anlegget. Etter ein vurdering av sprengstoffet, tok dei med seg dei fire dynamittkubbane, opplyser politiet.

Dynamittfunn på Sotra

Politiet si bombegruppe og Fjell kommune blei varsla og sette i verk tiltak i samråd med innsatsleiar, opplyser politiet i ei pressemelding klokka 15.

Politiet samla evakuerte på ein fotballbane ved Straume idrettsplass. To bedrifter og fleire privatbustader blei evakuerte som følgjer av eksplosjonsfaren. I tillegg blei feire vegar stengt.

Oppdaga blant kjemikal

Vaktkommandør Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen i Hordaland opplyser at det skal ha blitt levert inn fire ustabile dynamittgubbar til anlegget.

Brannvesenet på staden opplyste til NRK at funnet er gjort blant andre kjemikal ved gjenvinningsanlegget.

Me veit ikkje om dynamitten er heilt stabil. Han er gamal og krystallisert. Difor gjer me no førebuingar og evakuerer for å få klarleik i kor mykje dette dreier seg om, sa brigadeleiar Per Sherling i Bergen brannvesen då situasjonen var uavklara.

Veit ikkje kor eksplosiva stammar frå

Også byggevarehuset Byggern på Straume blei evakuert. Seniorkunderådgjevar Odd Inge Geitanger seier at politiet har oppretta ei tryggleikssone på det han anslår er 300 meter rundt staden.

Politiet opplyser i ei pressemelding at informasjon om funnet er avgrensa.

Monica Falck ved Fjellvar opplyser at både Byggern og gjenbruksstasjonen i Lonavegen er evakuert, skriv Vestnytt.

– Årsaka er at nokon har levert inn dynamitt ved gjenbruksstasjonen. Me veit ikkje om dette har skjedd i dag eller laurdag, seier Monica Falck.