NRK Meny
Normal

Fann dynamitt fleire stader etter eksplosjon

Under bygginga av det nye biogassanlegget i Rådalen i Bergen har det blitt funne gamalt sprengstoff. Bombehundar er leigd inn i søk etter meir dynamitt.

Hundesøk etter sprengstoff

BOMBEHUND: Etter at det vart funne sprengstoff i Rådalen vert det no søkt med hundar etter meir sprengstoff. Her er Ane Lillebyen Berge, grenader hundefører, Forsvarets Hundeskole, saman med hunden Volvat.

Søk med hund

BOMBEHUND: Hunden Volvat søkjer etter dynamitt i Rådalen. Her saman med Ane Lillebyen Berge.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

– Då me sprengte ut grunnen for biogassanlegget fann me restar av gamal dynamitt, seier Magnar Sekse, fagdirektør i Bergen kommune, til NRK.

– Dette er restar frå tidlegare sprengingar som ikkje har gått av, fortel han.

Fjellet løfta seg

Det var den 27. oktober at det vart funne dynamitt første gong. Dynamitten gjekk av og skada utstyr.

– Under grunnarbeida stod ei maskin og bora i fjellet, og så løfta grunnen seg opp circa ein halv meter, seier Arne Svendal, byggjeleiar i Brann- og avløpsetaten i Bergen.

– Det er ein arbeidsplass, så det var folk rundt omkring, men ikkje i umiddelbar nærleik. Det var ingen fare for liv og helse, seier han.

Leigde inn bombehundar

Representantar frå AF Decom og Forsvaret er på anleggsområdet og søkjer etter dynamittrestar saman med Veidekke og ÅF Advansia som er byggjeleiarar.

Arne Svendal

- INGEN FARE: Byggjeleiar Arne Svendal seier det ikkje var fare for liv eller helse.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Det er funne restar av dynamitt på tre nye stader.

– Me har også leigd inn hundar som kan lukte dynamitt, og dei går framføre maskinene og sjekkar kvar meter om dei finn restar av dynamitt, seier Sekse.

– Det har dei også gjort, fleire gonger, og då får me førebudd oss med maskiner når me veit at det er ein risiko, seier han.

Hundesøk etter sprengstoff

BOMBEHUND: Etter at det vart funne sprengstoff i Rådalen vert det no søkt med hundar etter meir sprengstoff. Her er Ane Lillebyen Berge, grenader hundefører, Forsvarets Hundeskole, saman med hunden Volvat.

Siste video

Programleder: Mariann Reikerås
Som ventet ble det omrokkeringer i Regjeringen i dag.
Slik ser det ut i våre nye lokaler.