NRK Meny

Fann dieseltjuv på Istalstø

Politiet fekk natt til måndag melding om to personar som truleg forsøkte å stele diesel frå køyretøy på industriområdet i Galteråsen på Isdalstø. – Då vi kom til staden fann vi to bilar og ein 19 år gamal mann, som var førar av den eine bilen. Den andre personen hadde sprunge frå staden, men vi trur vi veit kven det kan vere. 19-åringen vart avhøyrd på staden, og innrømma å ha vore på området, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Laster Twitter-innhold