Det var reint tilfeldig at zoologar ved Universitetet i Bergen blei gjort merksame på kvalen som stranda på Sotra utanfor Bergen i helga.
Det ein lenge trudde var ein grindkval hadde gått seg fast tre gongar før viltnemnda tok livet av kvalen, som bar preg av å vera sjuk.
Tysdag starta forskarane på jobben med å gjera den to tonns tunge gåsenebbkvalen til museumsobjekt.
- BAKGRUNN:
Sjå bileta:
Fann 30 heile plastposar
Etter eit hektisk døger med partering og sortering av kjøt, spekk, bein og galle viser det seg at sjukdomsbiletet også er av det makabre slaget.
– Magen var heilt fullstoppa av plast. Rundt 30 plastposar i tillegg til ein del småplast. Det er veldig trist, fortel zoolog og førsteamanuensis Terje Lislevand ved Universitetet i Bergen.
Til saman brukte fem personar seks timar på å partera leivningane. Også store mengder mindre plast, såkalla mikroplast, blei fjerna frå magesekken, i tillegg til brødposar og sjokoladepapir.
Kvalen hadde eit relativt tynt lag med spekk, noko som tyder på at han var utmagra.
– Funna er ikkje overraskande, men klart det er trist å oppdaga så store mengder, fortel Lislevand.
Fullstending tom for næring
Tarmsystemet var fullstendig tømt for næring. Berre vanskeleg fordøyelege restar frå eit blekkspruthovud låg att i magesekken. Alt tyder på at kvalen har hatt det vondt før den ende sine dagar i den norske skjergarden.
– Det er det ingen tvil om. Eg tør ikkje anslå kor lang tid det kan ta før han har fylt opp magesekken. I dette tilfelle har plastpartiklar hopa seg opp og skapt ein propp i systemet, seier Lislevand.
– Dette syner berre kor stort problemet er. Absolutt alt spelar inn i naturen.
8 millionar tonn i året
Marin forureining er eit stadig aukande problem og i 2050 ventar forskarar å finna meir plast enn fisk i havet, viser ein rapport frå stiftinga Verdas økonomiske forum.
- LES:
Ifølgje FN sitt miljøprogram hamnar over 8 millionar tonn plastsøppel i verdshava årleg. Ein går ut frå at rundt 80 prosent stammar frå aktivitet og industri på land.
– Menneske har nytta havet som ei enorm søppelfylling, men avfallet dukkar diverre opp att i samanhengar som denne. Det er ikkje ofte ein går så nøye til verks som det me har gjort i dette tilfelle, så det er vanskeleg å vita kor vanleg slike mengder er, forklarar Lislevand.
- LES:
Hovudskallen knust av kuleskot
Det som er igjen av gåsenebbkvalen ligg no frose ned ved universitetsmuseet i Bergen, der det skal bli del av den unike kvalsamlinga ved Naturhistoriske museum.
Hovudskallen har tatt stor skade av avlivinga.
– Førebels ynskjer me ikkje leggja skjul på at kvalen vart skoten. Det som har skjedd dyret er godt dokumentert, og me håpar å få fortalt historia i framstillinga, fortel Lislevand.