Hopp til innhold

Fann 243 hasjplanter heime hjå to menn

Politiet har gjort rekordbeslag av hasj på Askøy. – Dette er eit proft opplegg, seier politioverbetjent Kjell-Bjørn Heggøy.

hasjplantasje Askøy

REKORDBESLAG: Slik såg det ut heime hjå dei to mennene.

Foto: politiet

I byrjinga av februar fann politiet 243 hasjplanter i ein einebustad på Ask i Askøy kommune.

Det skriv avisa Askøyværingen.

– Dette er nok eitt av dei største beslaga av hasj i kommunen, seier politioverbetjent Kjell-Bjørn Heggøy, ved Askøy lensmannskontor til avisa.

To sikta

To menn av utanlandsk opphav er sikta i saka.,

– Ein person vart pågripen etter beslaget, avhøyrd og deretter sett fri, medan ein person framleis er etterlyst. Mest sannsynleg har han forlate Noreg.

– For politiet lokalt var plantasjen ganske stor. Nasjonalt vil plantasjen bli rekna som å vera av liten eller mellomstor størrelse.

Marknadsverdien kan ikkje politiet seia noko konkret om endå.

– Plantene er sendt til Kripos for analyse, men det er snakk om eit stort potensial av produksjon i huset.

Stor hasjplantasje på Askøy

STORT OMFANG: Det har gått store mengder straum for å halda produksjonen i gang.

Foto: Politiet

Skadar på bustaden

– Dei som har leigd bustaden har nok primært brukt den til produksjon av hasj, og har berre budd der i periodar.

Det er omfattande skadar på bustaden,

– Dei har skore ut store hol i golv og vegger for å få ventilasjonssystem og elektrisitet opp å gå i produksjonen, seier Heggøy.

Veit ikkje kor lenge det har pågått

Diverse brukarutstyr er beslaglagt i huset.

– Me har funne varmelampar, dyrkingstelt, vifter, luftslangar og diverse filter, seier Heggøy.

Politiet veit ikkje kor lenge produksjonen har pågått.

– Me jobbar for å kartlegga dette opp mot dei som har leigd ut bustaden. Me har framleis ein del etterforsking att.

Om saka kjem opp for domstolen har den ei strafferamma om lag to år, ifølge politiet.

Hasjbeslag på Askøy
Foto: Politiet