NRK Meny
Normal

Katy og Mina fann 150 perler i blåskjel

Dei skulle berre plukke nokre blåskjel for å fiske krabber. Men inne i skjela spratt det fram 150 perler. – Me har aldri sett noko liknande, seier mamma Else Holmefjord.

perler

– «EIN PERLEEKSPLOSJON»: Katy (7) og Mina (11) har saman med mamma Else Holmefjord funne til saman rundt 150 perler i blåskjel ved Feste kai på Lindås i Hordaland. – Me har aldri funne perler her før, fortel Else.

Foto: Else Holmefjord

Else Holmefjord og døtrene Katy (7) og Mina (11) har hytte ved Feste kai på Lindås i Hordaland. Dei har aldri funne perler her før, men i sommar blei dei mildt sagt overraska over kva dei fann i vatnet.

blåskjell

OPP TIL 30 PERLER I EIT SKJEL: Her ser ein nokre av dei minste perlene, festa på innsida av skalet.

Foto: Else Holmefjord

– Ungane skulle ut og fange krabber, og me skulle berre plukke nokre blåskjel for å ha til krabbemat. Me opna fyrst nokre store skjel, og der bogna det av perler. Dei var overalt, fortel Else Holmefjord.

– Me har aldri opplevde dette før. Det er utruleg gøy, plutseleg var det berre ein eksplosjon av perler rundt oss.

I nokre av skjella dei fann låg det mellom 20 og 30 perler. Til saman har dei no funne rundt 150 perler i blåskjel og o-skjel på Lindås.

– Eg tenker jo perler helst finst i østers. Me har aldri funne det i blåskjel før, og at me fann så mange er kjempegøy, seier Holmefjord.

LES OGSÅ: Blåskjell med mer - NRK Mat

Kjem av ein irritasjon i skjelet

Øivind Strand

EI FORSVARSMEKANISME: – Skjelet forsvarar seg mot sandkorna ved å pakke dei inn i perlemor, fortel forskar ved Havforskingsinstituttet Øivind Strand.

Foto: Privat

Perler er resultatet av ein forsvarsmekanisme i skjelet, seier forskar ved Havforskingsinstituttet Øivind Strand.

– Når sandkorn kjem seg inn i skjelet mellom kjøtet og skalet, skapar det ein irritasjon. Då forsvarar skjelet seg ved å pakke kornet inn i perlemor frå skalet, og så blir det til ei perle.

Katy, Mina og Else har aldri funne perler i dette området før. Svigermora som er oppvaksen på Lindås har heller aldri sett noko liknande. Dei kan ikkje sjå at noko har endra seg i vatnet, med unntak av at det er mykje meir ålegras der no enn før.

– Det er ikkje uvanleg å finne perler i blåskjel eller o-skjel, men viss det er slik at det aldri har vore perler i skjella der før, er det interessant seier Strand.

perler

STORPRODUKSJON:– Det er så kult, no har me vår eigen perlefabrikk, seier Mina.

Foto: Else Holmefjord

Kva som kan forklare at skjella utanfor Lindås har starta storproduksjon av perler, meiner forskaren kan skuldast at det er komme meir sandkorn i vatnet enn det har vore før.

–Det kan forklarast med at det av ein eller anna grunn er komme meir partiklar i vatnet. Det er jo mykje straum i vatnet der oppe. Men eg trur ikkje ålegraset har noko med det å gjere, seier Strand.

– Er det spesielt mykje perler i skjela i sommar?

– Nei, det har eg vanskeleg for å tru. Eg har ikkje høyrt om dette i alle fall. Det kan jo vere at folk observerer meir av slikt på grunn av at mange oppheld seg mykje i vatnet i det fine sommarvêret.

LES OGSÅ: Unngå blåskjell fra disse områdene - Vestfold

– Sommarens høgdepunkt

Perlene er dessverre ikkje verdt noko, reint utover den gleda det er i å finne dei.

– Perlene me finn her har ikkje den fargen og forma ein forbind med kvalitet på den globale perlemarknaden, men det skuggar jo ikkje for det at det er tøft å kunne skvise ut perler av skjel.

Dei store perlene Else, Katy og Mina har funne til no skal bli til øyredobbar og smykke. Dei små skal sparast i ei lita skattekiste.

– Det må vere gode forhold her ute av ein eller anna grunn, for me har aldri vore borti noko sånt før. Det synte seg jo vere reine perlefabrikken og det blei sommarens høgdepunkt for jentene, seier Else.

Else, Mina og Katy fann over 150 perler i blåskjell ved Feste kai på Lindås i Hordaland.

PLUKKAR PERLER: På videoen klemmer Else ut små perler frå eit blåskjel. Nokre av perlene var festa i skalet, medan andre låg inne i innmaten i skjella.

Siste video

Vi flyttet studioet vårt ned til sentrum i anledning sykkel-VM
Opp mot 15.000 publikummere fant veien til Fløyen i Bergen under dagens temporitt.
Flere overnattet på fjellet for å holde av de beste plassene.