Hopp til innhold

Familiepartiet nominerer familiar mot Hareide

To ektepar står på lista over dei 14 personane som Hordaland KrF vil senda til landsmøtet for å avgjera lagnaden til regjeringa.

Byråd i Bergen Rebekka Ljosland vil ha strengare skjenkjereglar

TIL HØGRE: Helsebyråd Rebekka Ljosland i Bergen vil helst i regjering med høgresida. Ho er samd med ektemannen, og begge er innstilt som delegatar til KrFs landsmøte.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Det eine ekteparet, Per-Erik og Vigdis Anita Gåskjenn, sit begge i arbeidsutvalet som har foreslått delegatane, altså seg sjølve og 12 andre.

– Det gjer lista noko ekstraordinær, seier Jarle Skeidsvoll, 1. nestleiar i Hordaland KrF og medlem i arbeidsutvalet.

– Eg ser ikkje bort ifrå at lista kan bli endra av fylkesårsmøtet.

Alle har tillitsverv

14 av dei 109 delegatane til landsmøtet som skal avgjera regjeringas framtid, skal koma frå Hordaland. Fylket sender dermed ein av dei største delegasjonane. Dei to para er nominert fordi dei har framståande verv i partiet, understrekar Skeidsvoll.

  • Rebekka Ljosland er helsebyråd i Bergen. Mannen hennar, Tor André Ljosland, er nestleiar i fylkestingsgruppa.
  • Per-Erik Gåskjenn er leiar i Bergen KrF. Kona Vigdis Anita Gåskjenn er 2. nestleiar i fylkesstyret, og vikarierte som helsebyråd for Ljosland i 2017.

– Eg reknar ikkje med at nokon i familiepartiet KrF meiner vi må skilja oss for å kunne vera aktive politikarar, kommenterer Tor André Ljosland.

– Det er naturleg og vanleg at tillitsvalde i posisjonane vi har, blir innstilt til eit landsmøte. Ingen krev vel at eg må halda meg og mitt politiske engasjement tilbake og si nei til å stilla fordi eg har ein mann som er engasjert, seier Vigdis Anita Gåskjenn.

Vigdis Anita Gåskjenn

– NATURLEG: Vigdis Anita Gåskjenn meiner dei berre har følgd vanleg praksis når arbeidsutvalet har nominert kandidatar.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Sterkt fleirtal mot Hareide

Ingen av desse fire støttar partileiar Knut Arild Hareide i at det er rett å inngå eit samarbeid mot venstresida i norsk politikk og fella Solberg-regjeringa.

– Eg trur mange har gløymt kor ueinige vi var med den raudgrøne regjeringa, seier Rebekka Ljosland, som sjølv sit i byråd med Ap i Bergen.

– Berre tenk på asylbarna, fjerning av kontantstøtta, kristendom i skulen. Framleis ser vi at Ap røyster mot friskular mange stader i landet, seier Ljosland.

Abort speler inn

Ho trur at Høgre-utspelet om å stramma inn abortlova kan hjelpa tvilarane til å velja side.

– Abortutspelet frå Erna Solberg viser at det er ein skilnad på høgre- og venstresida. Det Erna sa, kunne aldri Jonas Gahr Støre sagt. Og det veit alle, seier Ljosland.

Jarle Skeidsvoll, ordførar i Osterøy (KrF)

KAN BLI ENDRA: Lista er ikkje endeleg, seier 1. nestleiar Jarle Skeidsvoll.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Heile 10 av dei 14 nominerte vil heller i regjering med Solberg enn med Støre, viser ei kartlegging gjort av NRK. Hordaland KrF ønskjer å tilpassa lista slik at dei som blir delegatar, speglar av stemninga på fylkesårsmøtet 27. oktober.

– Derfor er det grunn til å tru at lista blir endra, seier Jarle Skeidsvoll.