NRK Meny
Normal

Familien til Anja takkar for støtta

Familien til Anja Weløy Aarseth er takknemlege for at så mange har engasjert seg etter drapet.

Einar Råen
Foto: Helge Tvedten / NRK

Anja Weløy Aarseth

DREPEN: Anja Weløy Aarseth (21) frå Bergen blei drepen i Ålesund.

Foto: Privat

I går ettermiddag blei ein 23 år gamal mann pågripen og sikta for drapet i Ålesund.

Bistandsadvokat Einar Råen seier familien til Anja er glad for engasjementet i den vanskeleg tida etter at 21-åringen frå Bergen forsvann.

– Familien set stor pris på at så mange har brydd seg. Det var varma og virka støttande for familien, seier Råen til NRK.no.

Politiet i Ålesund har fått ei rekkje tips frå publikum, og mange har vist omtanke for familien.

I går kveld sa bistandsadvokaten at familien til Anja er enormt letta over pågripinga.

Den drapssikta 23-åringen sat i avhøyr i fleire timar i går kveld og i natt.

Anja Weløy Aarseth blei meldt sakna etter ein joggetur på fjellet Aksla i Ålesund onsdag i sist veke. Etter ein stor leiteaksjon over fleire dagar blei ho funnen drepen laurdag.

Les også: Bønes kirke opnar dørene for minnestund

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo