NRK Meny
Normal

Familien er letta over frigjevinga

– Eg er glad og letta over at Kjartan endeleg er sett fri frå Abu Sayyaf-geriljaen, seier bror hans Odd Kåre Sekkingstad.

Kjartan Sekkingstad

FRI: Familien til Kjartan Sekkingstad gler seg over at han er fri etter 361 dagar som gissel.

Foto: Privat

– Det viktigaste no er at han er frisk og ikkje skadd på nokon måte, seier han til NTB.

Familien ber om forståing for at dei ønsker ro og for at dei ikkje kan seia meir enn dette på det noverande tidspunktet.

Utanriksminister Børge Brende sa i ettermiddag at han har fått stadfesta frå fillipinske styremakter at Sotra-mannen Kjartan Sekkingstad er sett fri etter nesten eitt år som gissel.

børge brende

SLEPP IKKJE GLEDA LAUS: Utanriksminister Børge Brende (H) arbeider vidare med saka.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Vi held fram med å arbeida med saka, og vil ikkje sleppa gleda laus før Sekkingstad er i god behald hjå filippinske styremakter, seier Brende.

– Kjartan Sekkingstad skal vera i god form, men treng å kvila før han reiser vidare, seier viseguvernør Abusakar Tan i Sulu-provinsen på Filippinane til NRK.

– Filippinske styremakter har stadfesta at Sekkingstad ikkje lenger er i fangenskap hjå Abu Sayyaf-geriljaen, seier Brende etter å ha vore i kontakt med Filippinenes fredsminister Jesus Dureza.

– Dette er ei positiv utvikling i saka. Han blir truleg overlevert til dei filippinske styremaktene i morgon. Ifølge dei er Sekkingstad nå på ein forholdvis trygg stad.

- Vi føl situasjonen nært og arbeider nå saman med Filippinane for å bringa Sekkingstad endeleg i tryggleik, seier Brende.

Les også: Viseguvernør: – Sekkingstad er i god form

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo