NRK Meny
Normal

Familie og naboar grov etter Kristine (38) med hendene

OSTERØY (NRK): Men hjelpa kom for seint. – Det verste eg har opplevd, seier nært familiemedlem.

Ras Votlo

Han er framleis skjelven, men tar seg tid til å snakka med NRK. Det er gått 12 timar sidan det fatale skjedde, då alle millimetera med vatn fekk jordmassane til å skli og rasa tvers gjennom huset der Kristine Anette Andersen (38) budde med familien, fem barn og mann.

– Eg fekk høyra om det av ein nabo. Vi var raskt på plass og byrja å grava, fortel den nære slektningen av Andersen.

Kristine Anette Andersen

OMKOM: Kristine Anette Andersen (38) hadde omsorg for fem born.

Han er òg ein av dei som bur nærast der raset gjekk, midt i eit byggjefelt på vesle Votlo i Osterøy kommune.

– Naboane og eg kom raskt til. Me grov med berre hendene. Eg var med då me fann henne, fortel han.

– Å sjå henne slik ... Det er det verste eg nokon gong har vore med på.

Ros til naboane

Brannvesenet og anna hjelpemannskap var raskt på plass. Men snart blei det klart at dei ikkje kunne redda livet til Andersen.

– No tenkjer eg mest på borna oppe i dette, seier slektningen.

– Samstundes er eg så takknemleg for den innsatsen naboane la ned. Dei fortener all ros, til liks med dei andre hjelpemannskapane.

Sjølv synest han at han og familien fått god hjelp.

– Dei var raskt på plass med psykologar. Oppfølginga frå kommunen har vore god, seier han.

Ordførar Jarle Skeidsvoll opplyser at åtte husstandar framleis er evakuerte. Først i morgon vil ein geolog avgjera om det er trygt for dei å venda tilbake til bygda.

– Nokre av dei evakuerte bur hos slektningar. Andre har fått tilbod om alternativ overnatting, seier Skeidsvoll.

Han meiner kommunen har god oversikt over dei rasfarlege områda i kommunen.

– Likevel trur eg ingen hadde tenkt seg at det kunne gå eit ras her, midt i eit bustadfelt, seier Skeidsvoll.

Samla seg i kyrkja

Dei næraste pårørande søkte til Haus kyrkje torsdag kveld. Sokneprest Tom Sverre Tomren var ein av dei som tok vare på dei i sorga.

– Dette er tungt. Men i eit lite bygdesamfunn søkjer ein saman. Det er ein styrke, seier ein prega Tomren.

Tom Sverre Tomren

I SORG: Tom Sverre Tomren er sokneprest og kjenner familien som vart ramma. Torsdag kveld opna han dørene i Haus kyrkje.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Siste video

Hjemmesykepleien i Bergen bytter nøkler med elektronisk lås.
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.