Mann i 20-åra omkom etter fallskjermulukke på Voss

Ein mann i 20-åra fekk livreddande førstehjelp i ein halvtime etter å ha styrta i Vangsvatnet, men livet hans sto ikkje til å redda.

Fallskjermhopper havnet i Vangsvatnet på Voss

FØRSTEHJELP: Mannen blei redda ut av Vangsvatnet i ein båt og fekk livreddande førstehjelp på staden. Seint laurdag kveld melder politiet at mannen er død.

Foto: Bjørn Sandnes

Klokka 19.37 laurdag fekk politiet melding om at ein fallskjermhoppar hadde landa i Vangsvatnet på Vossevangen.

Mannen blei redda opp av ein redningsbåt og frakta til land der det umiddelbart blei sett i verk livreddande førstehjelp.

Luftambulansen landa på Voss like over klokka 20, men helsepersonellet valde å halda fram hjarte- og lungeredning på staden.

Like før halv ni opplyste politiet til NRK at helsepersonell framleis arbeidde på staden. Klokka 20.23 blei mannen i slutten av 20-åra stadfesta død.

Det opplyser Vest politdistrikt seint laurdag kveld.

– Pårørande er varsla og saka vil bli etterforska, seier operasjonsleiar Steinar Hausvik.

Sundag ettermiddag opplyste politiet i ei pressemelding at det var Espen Wigemyr som omkom. Wigemyr var opphavleg frå Kristiansand, men hadde vore busett på Voss sidan 20156.

Laster kart, vennligst vent...

VANGSVATNET: Sletta ved Vangsvatnet er ein mykje nytta landingsstad for fallskjermhopparar på Voss.

Samla til minnestund

Ifølge Hausvik skal mannen ikkje ha greidd å landa som planlagd, men i staden hamna i vatnet.

Det stadfestar pressetalsmann og fagsjef i Norsk luftsportsforbund, Jan Erik Wang.

– Han skal ha forsøkt å landa på ein flåte i vatnet, som fallskjermhopparar nyttar. Han bomma på denne og trefte vatnet, seier Wang.

Dagleg leiar i Voss fallskjermklubb, Andreas Håland Hemli, seier til NRK at den døde var medlem i klubben. Han fortel at mannen fekk ei hard landing i møte med vatnet.

Medlemene i klubben er laurdag kveld samla til minnestund på klubbhuset.

Ulukka blei truleg filma

Fleire personar NRK har snakka fortel at det var gode vêrforhold og høg flygeaktivitet på Voss laurdag ettermiddag. Det var også fleire til stades då mannen i 20-åra hamna i vatnet.

Ifølge Hausvik blei sjølve hendinga filma. Politiet har laurdag kveld snakka med vitne og samla inn videomateriale som vil bli nytta i etterforskinga.

– Så vidt meg kjent var også ulukka filma. Me sit dermed på gode vitneobservasjonar og dokumentasjon, utan at eg veit kva filmane viser, seier operasjonsleiaren.