Hopp til innhold

Fall utfor på Osterøy

  • DØYDDE ETTER FALLULYKKE:

    Ein 32 år gamal mann døydde av skadane etter ei fallulykke på fjellet Bruviknipa på Osterøy. Det opplyser Haukeland sjukehus i ei pressemelding laurdag kveld. Dei pårørande til mannen er varsla.

  • ALVORLEG SKADD:

    Mannen som ramla utfor ei skråning på Osterøy er alvorleg skadd og på veg til Haukeland sjukehus med eit Sea King redningshelikopter. Det blei sett i gang ein stor redningsaksjon då meldinga om ulykka kom klokka 15.07.

  • MANN SKADD PÅ FJELLET:

    Det er sett i gang redningsaksjon etter at ein mann har ramla utfor ei skråning på fjellet Bruviknipa på Osterøy. Luftambulanse, eit Seaking helikopter og ei klatregruppe frå Bergen brannvesen er på veg til staden. Politiet fekk melding om ulykka klokka 15.07. Det er uvisst kor hardt skadd mannen er.