Hopp til innhold

Fall i døden då ho skulle fotograferast

24-årig australsk student omkom då ho skulle ut på Trolltunga for å bli tatt bilde av.

Trolltunga

ARKIVBILDE: Det var frå denne fjellformasjonen i Odda den australske kvinna fall laurdag ettermiddag.

Foto: Wikimedia Commons

Det var den australske kvinna Kristi Kafcaloudis som omkom etter eit fall frå Trolltunga.

– Politiet har no vore i kontakt med pårørande og me vel å offentleggjera namnet på studenten, seier lensmann i Hardanger politidistrikt Terje Kvalvik.

Kvinna var på veg ut på Trolltunga når ulukka skjedde.

– Det me har funne ut er at ulukka skjedde i det ho skulle ut på Trolltunga for å bli fotografert. I det ho skulle forsera nokon steinar heilt inne på Trolltunga, mista kvinna balansen. Ho fekk overbalanse og fall 200–300 meter ned i juvet.

På tur med venninner

– Det me veit er at ho gjekk i lag med tre andre venninner frå miljøet ved Universitetet i Bergen, seier Kvalvik.

24-åringen kom til Bergen for å studera 10. august. Rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, er prega av hendinga.

– Vi er forferdeleg lei oss over det tragiske utfallet som ulukka fekk. No tenker me i første rekke på familien, foreldra og dei nære pårørande til studenten, seier Olsen.

Den omkomne 24-åringen starta studia i Bergen i august og gjekk på Humanistisk Fakultet (HF) der ho studerte musikk- og kulturvitskapeleg fag.

Dei pårørande i Australia er blitt orientert via ambassade og politi.

Informasjonsmøte

Klokka 12.30 måndag arrangerer UiB et informasjonsmøte på Dragefjellet der dei inviterer medstudentar og andre som hadde relasjon til avdøde.

– Vi er opptatt av å ta vare på dei andre studentane som var med på turen, og dei som var i fellesskap med henne. Me vil prøva å gje dei klårskap i kva som skjedde, og informera om kva for tilbod UiB har om psykologhjelp og anna, seier Olsen til NRK.

Rektoren vart orientert av politiet om den tragiske hendinga søndag formiddag. Kort etter vart kriseapparatet til UiB mobilisert, deriblant Studentsamskipnaden, studentprest og psykologtenester.

Ikkje på UiB-utflukt

Dei to jentene som gjekk saman med avdøde på Trolltunga gjekk ikkje på same kurs, men var på tur i privat initiativ.

– Turen gjekk ikkje i regi av UiB, men eg veit at mange utanlandske studentar hadde tatt turen dit i finvêret, stadfestar Olsen til NRK.

– Kva tenker du som rektor når du får ei så tragisk melding?

– Naturlegvis er det alltid svært tragisk når slikt skjer, sjølv om det mellom så mange tilsette og studentar kan skje dødsfall. Det er vondt og vanskeleg når unge menneske fell frå, og det gjer det ikkje enklare at dei pårørande er så langt unna som i dette tilfellet. Dei er i ein spesielt sårbar situasjon, seier rektoren.