Hopp til innhold

50.000 færre har passert bomringen

Det har vore 50.000 færre passeringar gjennom bomringen i Bergen etter at prisane steig 1. juli. – Det syner at køprising fungerer, meiner leiaren av Miljøpartiet dei Grøne.

Tett trafikk over Danmarksplass

FÆRRE PASSERINGAR: 50 000 færre køyretøy har passert bomstasjonane i Bergen etter auken i taksten.

Foto: Åge Algerøy / NRK

Tom Sverre Tomren

NØGD: – Det er gledeleg, meiner leiar Tom Sverre Tomren i Miljøpartiet dei Grøne.

Foto: Ingrid Hognaland / NRK

Tall som NRK har henta inn syner at 50.000 færre bilar har passert bomstasjonane i Bergen frå 1. juli til 14. juli i år, samanlikna med same periode i 2012.

– Det er gledeleg, kommenterer leiar Tom Sverre Tomren i Miljøpartiet dei Grøne.

– Dette er akkurat slik vi har rekna ned. Bompengesatsane er eit verkemiddel for å få ned biltrafikken og få folk over på kollektivtrafikken, seier han og meiner at tala syner at det fungerer.

Reduksjon på tre prosent

For vanlege personbilar vart taksten i bomringen auka frå 15 kroner til 25 kroner 1. juli. For dei med tyngre køyretøy auka bompengesatsen frå 30 kroner til 50 kroner.

Sjølv om 50.000 færre passeringar kan høyrast mykje ut, er den prosentvise nedgangen liten. Reduksjonen i biltrafikken er nemleg på berre tre prosent.

Tala syner at nokre bomstasjonar har ein auke i trafikken. Det er i år fleire som passerer bommen i Damsgårdsveien og på Straume.

Vil ha 100 kroner i rushen

Trass nedgangen, Tomren i MDG ynskjer å auke satsane ytterlegare. Frå 25 kroner til 100 kroner i rushtrafikken, sjølv om partiet skulle tapa stemmer på det.

– Ingen kan skulda oss for populisme, smiler Tomren før han vert alvorleg.

– Luftforureinga i Bergen sentrum er så alvorleg at helsemyndigheitene stundom anbefaler astmatikere, eldre og barn å ikkje gå ut. Det må vi ta på alvor. 100 kroner-satsen er knytt til periodane det er høgast forureining.

– Utenkjeleg

Men dette får ikkje støtte hjå fungerande byrådsleiar Gunnar Bakke i Framstegspartiet.

– Det ville vore heilt uaktuelt. Bompengar er i utgangspunktet eit onde som ein skulle ha sleppt i eit land som Noreg. Men for å få framdrift på nødvendig infrastruktur har vestlendingar vore med på spleiselaget, seier han.

Bakke meiner dagens satsar er nok betaling frå bilistane.

– Noko meir enn det som er i dag verkar heilt utenkjeleg, avsluttar Bakke.

Venstre er skuffa

Stian Skår Ludvigsen

– SKUFFANDE: Stian Skår Ludvigsen i Bergen Venstre skulle ynskje trafikkreduksjonen var større.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Men leiar Stian Skår Ludvigsen i Bergen Venste er skuffa over at trafikkreduksjonen ikkje er større. Han viser til at Bybanen har byrja å gå over Skjold til Lagunen denne sommaren, og at tala for i år har éin dag meir av fellesferien enn i fjor.

– Med bakgrunn i det er min umiddelbare reaksjon at tre prosent er skuffande lite. Ytterlegare tiltak for å redusere trafikkveksten vert ein viktig kamp i neste lokalval, seier Ludvigsen til NRK.

Han seier at Venstre vil innføra køprising slik at det kan verta dyrare å passere bomringen i rushtida, slik også Miljøpartiet dei Grøne foreslår.

– Inntektene frå dette må gå si heilskap til å betre kollektivtrafikken, avsluttar Ludvigsen.