Hopp til innhold

Færre overnattar i fjellet i sommar

På grunn av mykje snø opplever DNT stor svikt i besøkstala på hyttene sine i vest. På austsida av fjellet ser det lysare ut.

Fjelltur

FÆRRE BESØK: Snø gjer at Den Norske Turistforeininga har færre besøkande på hyttene sine i fjellet denne sommaren.

Foto: Robert André Heggset

– Vi veit at det har vore ein forseinking av sommarsesongen, konstaterer organisasjonsmedarbeider Linda Fongaard i Bergen og Hordaland Turlag.

Ho tek i mot NRK i turbutikken deira i Marken i Bergen sentrum. Mange som planlegg fotturar i fjellet i Sør-Norge kjem innom her for å få tips og handle inn naudsynt utstyr.

Men aller mest opptatt er dei av korleis dei veldige snømengdene i fjellet denne sommaren slår ut for turplanane.

Nedgang på 30 prosent

For forholda er heilt spesielle i år og det syner att på statistikken. Snøen gjer at Den Norske Turistforeininga opplever færre besøkande på hyttene sine, spesielt på Vestlandet.

Til dømes hadde Litlos turisthytte vest på Hardangervidda 300 overnattingar no i juli, mot 1000 som er det normale.

– Generelt har vi hatt ein nedgang på overnattingane på turisthyttene våre med 30 prosent, seier Fongaard og viser til tala for Hordaland og Bergen Turlag sine hytter.

– Likevel har vi stor pågang i butikken her. Om folk som kjem innom her utset turen sin eller har kutta den heilt ut, det veit vi jo ikkje.

Linda Fongaard i Hordaland og Bergen turlag

Organisasjonsmedarbeider Linda Fongaard i Bergen og Hordaland Turlag

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Stor skilnad mellom aust og vest

Men medan hyttene vest i Sør-Norge opplever nedgang, ser det betre ut i aust.

– Tala er veldig todelte, det er heilt tydeleg, forklarar Sverre Larssen, dagleg leder i DNT i Oslo og omland.

– Snøen har hatt mykje å seia for overnattingane i den vestlege delen av Sør-Norge. Medan dei i aust har gode overnattingstal, står det nokså dårleg til i vest.

Færre hyttegjestar betyr mindre inntekter for foreininga. Men ein god vintersesong gjer Fongaard ikkje er uroa for økonomien. I tillegg håpar dei på ein god seinsommar.

– Den verkelege sommarsesongen starta i midten av juli. Det blir kjekt å sjå statistikken når vi får nye tal seinare i sommar, seier Fongaard.