Hopp til innhold

Færre flyttar til Noreg

Talet på personar som flytta til landet i andre kvartal, var det lågaste sidan 2007.

Folkemengde
Foto: colourbox.com / colourbox.com

Det syner tal frå Statistisk sentralbyrå som vart lagt fram denne veka. Det flytta 13.805 personar til Noreg i andre kvartal i år, og dette er 2321 personar mindre enn på same tid i fjor.

Vi må tilbake til 2007 for å finna eit lågare tal på innvandrarar i perioden april-juni.

Blant utlendingane som innvandra til Noreg, var polakkane framleis den største gruppa. Dei stod for 14 prosent av innvandringa. Deretter følgjer Litauen, Svergie, Eritrea, Romania og Filippinane.

Oslo aukar mest

Folketalet i landet er no på 5 137 679 personar. Av alle fylka har Oslo den største befolkningsveksten, med ein auke på 5850 personar. Akershus fylke kjem like etter med ein folkevekst på 5468 personar.

Rogaland ligg på tredjeplass med ein folkevekst på 3467 personar, og Hordaland ligg på ein fjerdeplass med ein befolkningsauke på 2282 personar.

Dei fylka med størst nettoinnflytting er Akershus, Oslo, Rogaland og Buskerud.

Hordaland veks

I januar var befolkningstalet i Hordaland fylke på 505 246 personar, og ved utgangen av dette kvartalet var dette talet vakse til 507 528.

Innflyttarar skuldast store delar av veksten, då 6 538 flytta til fylket, medan 5 467 flytta frå fylket. Det gir ein nettoinnflytting på 1 071 personar.

Bergen har ein befolkningsvekst på 663 personar, og dette skuldast i stor grad eit fødselsoverskot på 712 personar. Det flytta nemleg 6006 personar frå kommunen, medan det flytta 5957 personar til kommunen.

Askøy, Os og Fjell har alle ein befolkningsvekst på over 300 personar, og i desse kommunane skuldast størstedelen av folkeveksten innflytting.

Berre seks av 33 kommunar i Hordaland fylke har hatt ein nedgang i befolkninga., og desse er Masfjorden, Jondal, Kvam, Øygarden, Odda, og Radøy.