Hopp til innhold

2.000 færre enn venta såg «West side story»

Sundag gjekk siste førestilling av musikalen «West Side Story» i Moster amfi på Bømlo. Styreleiar i Bømlo Teater, Linda Hellen er skuffa over dei låge tala.

Scene Moster amfi

STOR SCENE: Dei to første vekene i august har Moster amfi vore forvandla til mørke New York-gater under oppsetjinga av «West side story».

Foto: Halvor Folgerø / NRK

– Me hadde jo håpa på meir folk, men det klarte me ikkje denne gongen, seier Hellen.

Oppsetjinga er den dyraste i regi av Bømlo teater nokon sinne, med kostnadar på sju millionar kroner. Men med berre litt over 9.000 selde billettar er publikumstalet mykje lågare enn venta.

Trong 11.000 for å gå i null

Det er fem år sidan sist det var ei fullskala musikal-oppsetjing på Bømlo. Meir enn 200 personar har lagt ned hundrevis av timar med frivillig arbeid for å gjere Moster amfi om til mørke New York-bakgater i haust.

Teateret har rekna seg fram til at halvparten av kostnadane blir dekka inn av dugnadsinnsats.

Men sjølv om kring tre og ein halv million kroner blei dekka av frivillig innsats, var likevel Bømlo Teater avhengig av 11.000 selde billettar for å gå i null.

– Med hadde jo håpa at me skulle selje minst 11.000, men det gjekk desverre ikkje, fortel Hellen.

Vêret har vore avgjerande

Styreleiaren meiner det er fleire årsaker til at billettsalet ikkje har gått heilt som venta.

– Det har jo stort sett gått greitt, men dårleg vêr har jo hatt noko å seie. Me fekk jo «Lena» på besøk og ein del våte kveldar elles. Det er nok noko av årsaka til eit litt skuffande billettsal, seier Hellen.

– Kva konsekvensar får dette?

– Det er litt tidleg å seie kva konsekvensar det får, men det blir jo eit økonomisk underskot. Eg håpar likevel at teateret kan leve vidare med dette resultatet.