Hopp til innhold

Færre enn påstått døyr på norske sjukehus

Ny forsking frå Bergen syner at langt færre enn påstått døyr av skader dei får på sjukehus. No krev legar ved Haukeland universitetssjukehus ei orsaking frå helsemyndigheitene.

Ny forsking frå Bergen syner at langt færre enn påstått døyr av skader dei får på sjukehus. No krev legar ved Haukeland universitetssjukehus ei orsaking frå helsemyndigheitene.

SJÅ VIDEO: I 2011 la Kunnskapsenteret for helsetenesta fram tal som synte at 4500 pasientar døydde som følgje av skadar som oppsto på norske sjukehus. Tilsette i Helse Bergen nekta å godta tala, og undersøkte sjølv.

Hans Flaatten

OVERDRIVE: Faren for at pasientar døyr her – eller på andre sjukehus, er sterkt overdrive, meiner seksjonsoverlege Hans Flaatten ved Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Det skapte store overskrifter då Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta for eit halvanna år sidan publiserte tal som sa at 4500 pasientar døydde etter pasientskadar ved norske sjukehus i 2010.

Men faren for at pasientar døyr på sjukehus er sterkt overdriven, meiner seksjonsoverlege Hans Flaatten ved Haukeland universitetssjukehus.

– At nokon går ut med slike tal, vil sei at det er rundt 2–3 pasientar kvar dag her i Helse Bergen. Hadde det vore i nærleiken av sanninga, så måtte me ha funne noko anna å gjera på, seier han til NRK.

– Jo fleire eg spurte i miljøet, dess meir støtte kom det til at dette er heilt vanvitig.

Nekta å godta tala

Funna i 2011 synte at av 100 000 pasientar som fekk skader som oppsto på sjukehuset, døydde 4500 pasientar (0,6 prosent). Kunnskapssenteret meinte at halvparten av dødsfalla kunne vore unngått.

Dåverande helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen såg særs alvorleg på saka og bad sjukehusa rydde opp.

– Dei må gå gjennom alle desse feila ved deira sjukehus. Og alle må bruke desse tala til å rydde opp i rutinane sine, sa ho til NRK den gong.

Men dei tilsette i Helse Bergen nekta å godta tala frå Kunnskapsenteret.

– Ein vert jo litt oppgitt når helsemyndigheiter går så høgt på bana med tal som dei kunne ha kvalitetssikra, held Flaatten fram.

Mellom 250 og 500 dødsfall

No har helseføretaket gått gjennom alle dødsfall frå 2011, for å sjå kor mange som døydde grunna pasientskadar på deira sjukehus.

– Rundt 50 pasientar kvart år, fortel Flaatten og meiner tala frå Helse Bergen også kan nyttast nasjonalt.

I så fall snakkar ein om tal rundt 250 og 500 dødsfall årleg totalt på norske sjukehus, langt færre enn dei 4500 pasientane som rapporten frå Kunnskapssenteret fortalde om.

Dei nye tala betyr eit dødsfall kvar dag som følgje av pasientskade, ifølgje Flaaten.

– Noko som er eit problem, og eit problem vi sjølvsagt skal ta fatt i og har teke fatt i. Dette er noko vi ynskjer å gjera noko med.

– Reknar på ulike måtar

Magne Nylenna

– REKNAR IKKJE PÅ SAME MÅTE: seier direktør Magne Nylenna ved Kunnskapssenteret for helsetenesta.

Foto: Reidar Westberg / NRK

Dødstala går også ned i rapportane frå Kunnskapsenteret for helsetenesta. Deira siste rapport syner 2900 dødsfall.

Kunnskapssenteret erkjenner at dei og Helse Bergen reknar på ulike måtar.

– Det er lenge sidan vi har erkjent at pasientjournal-metoden er uegna for å anslå omfanget av dødsfall. Men dette er metodar i utvikling. Vi ser på det som er gjort ved Haukeland sjukehus med stor interesse, og vi ser at desse metodane supplerer kvarandre, seier direktør Magnus Nylenna.

– Det er vanskeleg å anslå omfanget av pasientskadar ved norske sjukehus.

Krev orsaking

Men legane ved Haukeland universitetssjukehus ber om ei orsaking frå helsemyndigheitene.

– Førre helseminister gjekk faktisk ut og skulda oss for å ta livet av ein tredjedel av dei som døyr på sjukehusa.

Helseminister Jonas Gahr Støre seier til NRK i kveld at hans forgjengar tok utgangspunkt i tala frå Kunnskapssenteret.

Han seier samstundes at det er positivt at Helse Bergen tek pasienttryggleik på alvor og at dei har gjort eigne undersøkingar.