Hopp til innhold

Fabrikken står ein meter under vatn

Fabrikksjef Jorunn Sundheim fekk sjokk då ho kom på jobb på produksjonslokalet til Nortura Evanger i Voss tysdag morgon. No stengjer ho fabrikken.

I produksjonslokalet til Nortura Evanger på Voss er det over éin meter høgt vatn inne i fabrikken.

– Det var eit forferdeleg syn. Me har aldri hatt så mykje vatn her inne før. Me måtte klyve inn ei gamal tomt for å i det heile tatt kome oss inn i fabrikken, seier ein fortvila fabrikksjef.

Tysdag føremiddag varsla Noregs vassdrags og energidirektorat (NVE) om 50-årsflaum. I Evanger er vatnet så høgt at kommunane no vurderer å leggje ut sandsekkar for å hinda at vatnet skal kome over muren i Evanger.

«Det kunne ikkje skjedd på eit verre tidspunkt»

fabrikksjef

FORTVILA: Fabrikksjef på Nortura Evanger, Jorunn Sundheim, fekk sjokk då ho kom seg inn i produksjonslokala tysdag morgon.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fabrikken i Evanger som ligg mellom jernbanestasjonen og E16 har vore råka av flaum fleire gonger før, men det har aldri vore så store øydeleggingar som no, ifølgje fabrikksjefen.

– Det er langt over éin meter høgt vatn inne i fabrikken. Det er vatn over alt.
Me har prøvd å sikra både maskiner, og utstyr og varelager, men det er nok mykje her som blir øydelagt. Me måtte berre stenge fabrikken, seier Sundheim.

Med jula rett rundt hjørnet kunne ikkje stenginga passa dårlegare.

– Denne tida på året er jo den aller viktigaste for oss. Sesongen frå september og ut november er jo då me har høgaste produksjon, særskilt av pinnekjøt.

– Kva konsekvensar får dette?

– Produksjonen vår blir jo redusert. Men me skal gjere det beste ut av dette her, seier fabrikksjefen.

SJÅ FLEIRE BILETER HER:

Vatnet opp til låret

NRK sin reporter på staden fortel om enorme mengder vatn inne i fabrikken og seier at dei vassar i vatn opp til låret. Ordførar i Voss kommune seier han føler med innbyggjarane i Evanger.

– Det er mange år sidan me har sett liknande. I natt har det vore store utfordringar, og dei har vore størst på Evanger, seier ordførar i Voss kommune, Hans-Erik Ringkjøb til NRK.

– Me må kanskje ut med sandsekkar for å unngå at vatnet skal komme over muren og inn i sentrum, fortel Ringkjøb.

Elin Langsholt som er vakthavande hydrolog i NVE seier vassføringa i Vosso nedanfor Vangsvatnet er større enn den har vore sidan 1920.

– Eit stort økonomisk tap

Med fleire oversymjingar friskt i minne, er fabrikksjefen smerteleg klar over det økonomiske tapet uveret skapar for fabrikken.

– Eg orkar nesten ikkje å tenkje på kor mykje pengar det er snakk om. Men me tapar vel kring 60.000 kroner kvar gong dette skjer. Denne gongen er det verre ei før, så eg greier ikkje tenkja på det, fortel Sundheim.

– Me kan ikkje gjere anna enn å venta. Men det er veldig lite kjekt å sjå at vatnet framleis stig.