Hopp til innhold

Få ringer 116117

Alle legevakter har fått nytt felles telefonnummer, men det kjenner dei færraste til.

Legevakten telefonsentral

FÅ RINGER HIT: På legevaktsentralen i Bergen sitter ein sjukepleiar klar for å ta i mot telefonar.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

For visste du at du frå 1. september kunne bruka nummeret 116117 for å koma i kontakt med næraste legevakt, uansett kor du er i landet?

Nummeret skal sikra rask hjelp og hindra bruk av naudnummer unødvendig, men er ikkje skikkeleg innarbeida, viser ei ny undersøking.

Berre tre av ti brukar nummeret

På gata i Bergen er det få som kjenner til det nye nummeret synest det seg når NRK tek ein spørjerunde.

– Det er rart at det nye nummeret blir mindre brukt enn det gamle, seier forskar, Guttorm Raknes i Uni Research Helse.

– Slik det er no er det berre 30 prosent som bruker det nye nummeret.

Guttorm Raknes

– FINN DET RART: Guttorm Raknes er forskar i Uni Research Helse.

Foto: Marthe Njåstad / NRK

Det nye legevaktnummeret skal gjera at folk ringer mindre til 113 når dei ikkje har behov for akutt hjelp

Krev nasjonal kampanje

No krev fagfolk ein nasjonal kampanje for dette nye nummeret.

– Vi hadde fått sterke signal om at det skulle kome ein slik kampanje. Difor er vi overraska over at dette ikkje har skjedd.

I Helsedirektoratet stiller dei seg ikkje avvisande til tanken.

– Vi kan godt vere med på ein nasjonal kampanje, men fyrst må vi vere sikre på at dette fungerer som det skal, seier prosjektleiar Terje Olav Øen.

– Etter det kan vi gjerne satse meir på marknadsføringa. I utgangspunktet er det eit kommunalt ansvar å informere om legevaktordninga.

Terje Olav Øen

IKKJE AVVISANDE: Prosjektleiar Terje Olav Øen i Helsedirektoratet seier dei godt kan vere med på ein nasjonal kampanje.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK