Regjeringa sitt mål om å få ny-etablerarar inn i laksenæringa blir neppe oppfylt. Det er berre dei godt etablerte som har pengar nok til å kjøpe nye konsesjoner, når prisen er så høg som fem millioner kroner for kvar konsesjon, trur sentrale kilder innan finans og oppdrett.
For høg pris
Styresmaktene har lagt ut 40 nye oppdrettskonsesjoner i landet, deriblant to her i fylket, men prisen er sett for høgt og marknaden er for stram til at nye aktører har råd til å etablera seg i næringa.
Inga endring
Dermed vert det inga endring. Det vert dei same aktørane som kjem til å eiga og driva med oppdrett i tida frametter, meiner viseadm.direktør Oddmund Åsen i Sparebanken Nord-Norge.