Hopp til innhold

Få med deg Molde-Brann på nett og radio

Brann må reisa tilbake til Bergen utan poeng etter å ha tapt 0-2 over Molde i kveld.

Brann

NY SIGER? I dag møter Brann Molde på bortebane, etter heimesigeren over Stabæk 16. mai.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Klokka 18.00 tar Molde i mot Brann til eliteseriekamp på Aker Stadion.

Følg kampen i direktesenteret over, eller høyr NRK sin repportar Oddgeir Øystese kommentera den direkte på radio.

Med Brann-siger er ein tredjeplass innan rekkevidde. Molde ligg på tredjeplass med 21 poeng og Brann kan gå forbi frå sin sjetteplass og 20 poeng. Men då må både Strømsgodset og Haugesund, som spelar i morgon, tapa poeng.

Haugen og Leciejewski startar ikkje

Brann skriv på sine nettsider at Fredrik Haugen har måtta melda pass grunna smerter under foten, truleg grunna av stadig skifte av banedekke mellom kunstgras og naturgass.

Alex Horwath kjem til å vakta Brann-målet, fordi Piotr Leciejewski også slit med ein skade under foten.

Dermed vert ein tøff kamp enda tøffare, Molde har ikkje tapt ein einaste kamp heime på Aker Stadion så langt i år.

Laga startar slik:

Brann: Alex Horwath – Jonas Grønner, Vadim Demidov, Kasper Skaanes, Jakob Orlov, Remi Johansen, Ruben Kristiansen, Sivert Heltne Nilsen, Daniel Braaten, Kristoffer Barmen, Amin Nouri.

Molde: Ethan Horvath – Joona Toivio, Lunan Ruben Gabrielsen, Vegard Forren, Per-Egil Flo, Petter Dahle Strand, Harmeet Singh, Fredrik Aursnes, Eirik Hestad, Thomas Oliver Amang A Kenguni, Eidur Smaru Gudjohnsen.