Hopp til innhold

Få elevar får gjere som Andreas

Berre 15 prosent av kommunane tilbyr dei flinkaste ungdomsskuleelevane å ta fag på vidaregåande. Høgre krev at alle får tilbodet, men borgarlege Bergen er langt ifrå flinkast i klassen.

Andreas Liland Henriksen

TAR FAG PÅ VIDAREGÅANDE: Andreas Liland Henriksen er elev ved Garnes ungdomsskule i Bergen. Han er ein av få i landet som får moglegheita til å ta fag på vidaregåande.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Andreas Liland Henriksen

– EG LÆRTE MYKJE: Ungdomsskuleelev Andreas Liland Henriksen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eg syns det var kjempebra. Eg følte eg kunne lære meg mykje meir og det var høgare nivå på elevane og lærarane.

Andreas Liland Henriksen er elev ved Garnes ungdomsskule i Bergen. Det siste året har han fått ein sjanse relativt få norske ungdomsskuleelevar får. I sitt siste år på ungdomsskulen har han allereie fått karakter i fag på vidaregåande.

– Det var heilt tilfeldig. Mamma var på nettet og snubla plutseleg over denne moglegheita. Ein skjult ordning nesten ingen veit noko om.

Kun 66 av 428 kommunar

I 2008 opna regjeringa for at ungdomsskuleelevar som er kvalifisert for det kan ta fag på vidaregåande.

Men fem år etter at ordninga vart innført er det over 360 norske kommunar som ikkje har tatt i bruk ordninga. Bustadkommunen avgjer kva tilbod dei flinkaste elevane får.

Peter Christian Frølich

– IKKJE GODT NOK: Stortingskandidat for Høgre, Peter Christian Frølich.

Foto: Hans Jørgen Brun

– Dette er ikkje tal som overraskar meg i det heile tatt. Vi har lenge hatt kontakt med elevar som seier at norske skule ikkje gir dei utfordringar, seier stortingskandidat Peter Christian Frølich i Høgre.

Han meiner det ikkje er godt nok at det store fleirtalet av norske kommunar ikkje lar dei flinkaste elevane ta eit steg opp.

– Vi ønskjer å ta det eit skritt lenger og rettsfeste dette slik at alle elevar kan nytte seg av same tilbod, held han fram.

– Det er utfordringar

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen frå SV vedgår at det har vore utfordringar med å få ordninga ut i skulane.

Høgre må rydde opp i sin eigen bakgård

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV)

– Det er lettare å få det til i bykommunane enn i distriktskommunane. Fordi det nokre plassar er så lange avstandar mellom ungdomsskule og vidaregåande skule, forklarar Halvorsen.

Ho argumenterer med at regjeringa no legg til rette for at elevane kan nytte internett.

– Mellom anna prøver vi no ut ein eigen matteskule på nett, som er retta mot desse elevane. Vi veit at kring 17 prosent av elevane på ungdomsskulen seier dei har for lite faglege utfordringar.

Kun 15 elevar i Bergen

Men kunnskapsministeren nyttar også høve til sparka tilbake til det blåblå Bergen.

For medan over 426 elevar i Oslo og over 50 elevar i Trondheim har fått prøva seg på vidaregåande har berre 15 ungdomsskuleelevar i borgarlege Bergen fått tilbodet.

Artikkelen held fram under biletet

Kristin Halvorsen foran tavle

– UTFORDRINGAR: Kunnskapsminister Kristin Halvorsen vedgår at det har vore utfordringar med å få ordninga ut i skulane.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Det krev at kommunen er interessert i skule og utdanningspolitikk, og at dei hjelp skulane med å legge til rette, seier Halvorsen før ho legg til:

– Og så får Høgre i Bergen ordne opp i sin og Erna Solberg sin eigen bakgård.

Vedgår at det tar seg dårleg ut

– Eg trur vi har ein lang veg å gå, så eg tykkjer dei tala er interessante, svarar Frølich.

Han sit i skulekomiteen for Høgre i Bergen, og vedgår at det tar seg litt dårleg ut at partiet ikkje har greidd å nå sitt eige mål.

– I Bergen er vi veldig oppteken av at det er rektorane som skal styre over kvar skule og eg registrerer at det er ein del rektorar ikkje har klart å gjennomføre dette opplegget. Det er vi nøydde til å ta ein kikk på og sjå om det er noko vi kan tilrettelegge betre.

Gir politikarane stryk

– Eg ville ha sagt at eg er blitt flinkare og at eg følgjer betre med i timane, seier ungdomsskuleelev Andreas.

Han har allereie fått ein fin femmar ifrå samfunnsfag frå vidaregåande. Han meiner både lokale og nasjonale politikarar fortener stryk for å ikkje gje tilbodet til fleire.

– Eg syns det er veldig dårleg. Det er veldig bra å kunne ta eit steg opp når ein er klar for det. Ein utviklar seg så mykje. Om alle hadde visst om det, så hadde mange fleire brukt det, meiner han.