Hopp til innhold

Tek dei flinkaste ut av offentleg skule

Skuleflinke barn som ikkje får tilpassa opplæring blir bråkmakarar i klasserommet, ifølge psykolog. Mange familiar med evnerike barn vel derfor å flytta dei frå offentleg til privat skule.

Illustrasjonsfoto av klasserom

SLUTTAR: Mange familiar med evnerike barn bestemmer seg for å forlata den offentlege slutten og gå over til private.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Han lærte alfabetet då han var to og eit halvt år, han byrja så smått å lese då han var tre og eit halvt. Han var ekstremt nysgjerrig, fortel Henning Olsen.

Henning Olsen

Henning Olsen flytta sonen over til ein privat skule.

Foto: Siri Løken / NRK

Han opplevde at sonen hans vart han bråkete og uroleg då han vart elev i skulen. Han hadde gleda seg til å byrja på skulen, men det førsteklassingane skulle læra kunne han frå før. Problema starta fort.

– Det var katastrofe frå dag ein. Han oppførte seg veldig dårleg, fortel Olsen.

Tek barna ut av den offentlege skulen

Løysinga var å ta sonen ut av den offentlege skulen og inn på ein privat skule.

Det er det fleire familiar med evnerike barn som har gjort. Årsaka er at barna ikkje får tilpassa undervisning på sitt nivå, meiner dagleg leiar Jan Terje Bakler i kompetansesenteret Fabulinus.

Han har vore rådgjevar for kring 150 familiar dei siste fire åra.

– Erfaringa eg har er at privat skule er den løysinga dei aller fleste vel når dei har forsøkt å få til tilpassa opplæring i den offentlege skulen.

– Barna blir bråkete

Mellom to og fem prosent av alle barn er rekna som spesielt evnerike. Psykolog Rolf Lindgren utfører jamleg testar på slike barn.

Testane viser ifølgje han at mange får undervisning langt under sitt nivå. Det kan føre til at barna blir bråkete, meiner han.

– Dei blir frustrerte og kjedar seg på skulen. Dei forstår ikkje kvifor dei skal læra ein bokstav i veka, når dei kan alfabetet frå før av, seier Lindgren.

Startar forsking på skulane

Jana Midelfart Hoff

Skulebyråd i Bergen, Jana Midelfart Hoff.

Foto: Sindre Vik Helgheim / NRK

Skulebyråd Jana Midelfart Hoff (H) i Bergen seier dei er klar over problemstillinga med at evnerike barn ikkje får tilpassa oppgåver i den offentlege skulen.

– Tidlegare har vi trudd at barna har vore vanskelege og ikkje skulemodne, og så viser det seg at dei er understimulert på læring. Det er veldig viktig at vi får meir informasjon om dette, og at foreldre tek kontakt med lærar og rektor på sine skular for å dele sine opplevingar.

Ho fortel at det skal startast forsking på dei flinkaste barna i både Bergen, Bærum og Haugesund.

– Vi skal sjå på kva utfordringar både lærarar og elevar møter og korleis kommunen kan vera til hjelp. Denne forskinga er vi veldig spent på.

– Tabu å vera flink i matte

Ein evnetest viste at sonen til Henning Olsen heldt eit svært høgt nivå generelt. I dag får han tilpassa oppgåvene. Han trivst på skulen og er ein langt rolegare gut enn før.

Men den offentlege skolen burde gjort meir for desse barna, meiner faren.

– Om ein er flink i sport er det greitt. Å vera flink i matematikk er tabubelagt, avsluttar Olsen.