Også Noregs Sildesalgslag melder om eit uvanleg godt fiske, langt betre enn i fjor.
1000 fisk på eit garn
Arne Vatn på Stord måtte i dag gje vekk store delar av fangsten etter å ha drege opp langt meir enn han kunne eta.
- Det var forrykande kuling, og eg trudde ikkje eg skulle koma meg ut med ein liten 14 fots båt. Men eg klarte å setja ut eit garn, og fekk rundt 1000 sild, fortel han.