- Då me spurde kommunen om hjelp til å sikra området sa dei at det var forsikringsselskapet sitt ansvar, fortel huseigaren Knut Skeide.
Raset tok bilar på Voss. (Foto: Bjørn Senderud)
Dette skapte ein del konfliktar mellom oss som var utsette for ras og kommunen, fortset han.
Dramatisk ras
Det var 14. november i år at raset råka det kommunale byggjefeltet i den bratte Brekkereino. Raset tok med seg bilar og hagar, og feia inn på soverommet til sonen som var på besøk i huset.
- Det var svært dramatisk. Me visste ikkje kva som skjedde, fortel Skeide om hendinga.
Ville ikkje ta ansvar lenger
Tomtelandet i Brekkereino blei teke frå grunneigaren ved tvangsforretning på 70-talet fordi kommunen trong tomter.
Det var vondt for rasoffera at teknisk etat ikkje ville ta ansvar lenger etter raset.
Ordførar Bjørn Christensen. (Foto: Steinar Nedkvitne/NRK)
Fart på saka
Men no er ting omsider iferd med å ordna seg. Måndag starta sikringsarbeidet, og ordføraren og rådmannen har fått fart på saka i dei kommunale korridorane.
På torsdag kjem saka opp som hastesak i formannskapet.
- Me vil løyva pengar frå kommunen sin reservepost for å få gjennomført det arbeidet som kan føra til at dei som bur i området blir trygge i framtida, seier ordførar Bjørn Christensen.