Hopp til innhold

Evakuerte barnehage i frykt for at byggjekran skal velta

Ei byggjekran stod i fare for å velta over uteområdet til ein barnehage i Masfjorden. Foreldre fekk beskjed om å henta barna sine.

Fryktet at kran i Matre kunne velte over barnehageområde

EVAKUERER: Ei byggjekran som står i Matreselva i Masfjorden kommune står i fare for å velta. Ein barnehage er evakuert.

Foto: Jan Olav Fosse

Indre Masfjorden barnehage i Matre i Masfjorden er onsdag føremiddag evakuert, etter melding om at ei byggjekran står i fare for å velta.

Krana står midt i Matreselva i samband med restaurering av ei bru.

På grunn av dei store nedbørsmengdene som har kome natt til onsdag, kan ikkje operatøren garantera at krana ikkje kan falla. Det seier ordførar i Masfjorden, Karstein Totland.

SISTE: Klokka 12.30 har entreprenøren bestemt seg for å demontere krana.

Kan treffa uteområdet

– Operatøren kan ikkje seia sikkert at krana står trygt. Krana vil i så fall ikkje treffa sjølve barnehagen, men den vil treffa uteområdet. Det blei sendt ut varsel om situasjonen tysdag, og i dag er det bestemt å flytta barn og tilsette, seier Totland til NRK.

Fare for at kran velter Masfjorden

MOBILKRAN: Matreselva er om lag femti meter brei. Rekkevidda til krana er om lag tretti meter.

Foto: 03030-tipser / NRK

NRK har snakka med foreldre som seier dei har blitt ringt opp av barnehagen og bedne om å henta.

Ordføraren seier prognosane til BKK, som overvakar vasstanden, tilseier at elva vil gå over sine breidder klokka 11 onsdag.

– Skulle elva få overløp, og operatøren allereie er usikre på krana, tek me ingen sjansar. Slik me vurderer det, er det best å evakuera.

– Veldig spesielt

Barna blir no evakuerte til barneskulen i Matre, som ligg høgare i terrenget på den andre sida av elva. Dette området skal vera trygt, ifølge Totland.

– Krana er ikkje lang nok til å treffa sjølve barnehagebygget, men det er ikkje noko stas å ha ungar i nærleiken om ei kran knallar ned i leikeplassområdet.

Ordføraren seier styraren i barnehagen no har bede dei foreldra som har høve til å henta barna. Dei andre blir tekne med til Matre skule.

Karstein Totland, ordførar i Masfjorden for Høgre

SPESIELT: Masfjorden-ordførar Karstein Totland omtalar situasjonen som spesiell.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er sjølvsagt veldig spesielt. Det er første gong eg opplever at ein barnehage i Masfjorden blir evakuert.

Dersom kranen rasar kan den treffa ein parkeringsplass på den andre sida av elva. Skulen skal no sørga for at ingen bilar parkerer.

– Me er ikkje urolege

Håkon Matre i Statens vegvesen er byggjeleiar for prosjektet. Han seier representantar frå entreprenøren Mesta informerte barnehagen om situasjonen i dag tidleg.

– Me er ikkje uroa for at krana skal velta per no. I grunn ikkje når vassføringa skal gå opp utover føremiddagen heller. Men for å vera på den sikre sida informerte me barnehagen om at dei ikkje skulle bruka uteområda i dag.

Matre tonar ned dramatikken i situasjonen.

– Entreprenøren har ikkje stansa arbeidet, men jobbar enno. Me har framleis sjanse til å ta ned kranen. Krana er mobil og kan riggast ned på nokså kort varsel, seier byggjeleiaren, som seier dei vil vurdera situasjonen fortløpande.

Mobilkrana står midt ute i elva, som er om lag femti meter brei, på ei fylling. Rekkevidda er om lag tretti meter.

– Evakueringa av heile barnhagen er kommunen si avgjerd, seier Matre.

barnehage i matre