Hopp til innhold

Evakuerer barnehage etter svilukt

Ein barnehage i Steinviksveien i Bergen er evakuert etter svilukt. Politi og brannvesen er framme på staden, og seier at alle tilsette og barn er ute av bygget. Operasjonsleiar Dag Olav Sætre i Vest politidistrikt seier situasjonen ikkje er dramatisk. – Det er under kontroll, men det blir no jobba med å lokalisera kvar svilukta kjem frå, seier Sætre.