NRK Meny
Normal

Europadraumen brast på heimebane

BERGEN (NRK): Brann tapte 0-2 i returkampen mot slovakiske Ružomberok, og får dermed ikkje møta Everton i Europa League.

Brann-Ruzemburok

UT AV CUPEN: Brann-spelarane fekk hard kamp mot slovakisk motstand på Brann Stadion. Ružomberok vann 0-2 i returkampen i kvalifiseringa til Europa League.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fram mot pause var det ein jamn kamp mellom bergensarane og Ružomberok frå Slovakia. Men etter kvart viste det slovakiske laget seg frå si sterke side, og fekk inn to mål mot Brann.

Laster innhold, vennligst vent..

Mykje stod på spel i torsdagens returkamp i kvalifiseringa til Europa League. Brann hadde 1–0 å gå på frå oppgjeret i Slovakia, og trong minst uavgjort for å avansera til neste runde.

– Utruleg skuffande

Slik gjekk det ikkje. Etter nitti minutt klarte Brann skapa to målsjansar og kjempa seg til fire hjørnespark.

– Det er utruleg skuffande at me ikkje klarar å vera nærare toppnivået i ein kamp som denne, seier Brann-trenar Lars Arne Nilsen etter kampen.

Lars Arne Nilsen på pressekonferanse

SKUFFA: Lars Arne Nilsen vedgjekk at han er inne i sin tøffaste periode som Brann-trenar.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

For det var litt av ei gulrot for laget som gjekk vidare til 3. kvalifiseringsrunde i cupen.

Om Brann hadde unngått tap i sommarvarmen i Bergen i kveld, hadde Premier League-klubben Everton venta i to nye kampar, borte 27. juli og heime 3. august.

– Me skulle gjerne spelt mot Everton og gitt dei ein tøff kamp, men me er ikkje gode nok i dag, seier Sivert Heltne Nilsen

– Eg synest me har for mange balltap. Me spring unødvendig mykje, og brukar mykje krefter på å retta opp eigne ballmiss, og det fekk me kjenna på utover i andre omgang.

Slovakarane scora på corner og på straffespark.

Me visste dei var god på dødballen, og dei scora to mål på dødballen, så det er veldig irriterande, seier Sivert Heltne Nilsen.

– Me var sikre på at det kom til å bli ein tøff kamp, og eg trur kanskje me kan læra av dei, seier Vito Wormgoor om Ružomberok.

Mål om å ta leiinga tidleg

Før kampstart var målet å ta leiinga tidleg. Kasper Skaanes fekk sjansen frå start etter å ha starta oppgjeret mot Sarpsborg, og var kanskje det friskaste offensivt bidraget Brann-laget hadde å by på.

Han hadde også kampens desidert største Brann-sjanse. Etter 35 minutt blei han spelt åleine gjennom med målvakt Matus Macik, men skotet frå like innanfor sekstenmeterfeltet gjekk langt til side for mål.

Etter kampslutt tok han seg god tid til pressa, men hadde ikkje mykje å seia om moglegheita på stillinga 0–0.

– No er eg berre ekstremt skuffa. Du såg jo sjølv korleis det gjekk. Det er synd at me ikkje klarar betre med eit godt utgangspunkt.

Brann-trening før oppgjøret mot Ružomberok

LEGG PLANEN: Bismar Acosta i samtalar med trenar og sportssjef dagen før returoppgjeret mot Ružomberok.

Foto: Frederik Økland / NRK

Dødball blei nøkkelen

I eit nokså sjansefattig oppgjer i Ružomberok var det midtstoppar Bismar Acosta som var tunga på vektskåla. Nok ein gong var dødball det mest effektive angrepsvåpenet for eit Brann-lag som har nok av høgreiste jokerar å spela på.

– Me blei åtvara mot dødballstyrken til slovakane, og var godt førebudd i bortemøtet. Men du skal ikkje kimsa at Brann på dødball, heller. Det er ikkje lett å forsvara seg mot Acosta, Wormgoor, Orlov og Barmen, sa ein sprudlande sportssjef Rune Soltvedt etter sigeren i førre veke.

Trass bortemålsfordelen, er midtbanegeneral Sivert Heltne Nilsen krystallklar før oppgjeret på heimebane: Ein defensiv inngang er ikkje vegen å gå.

– Me har blitt einige om å gå offensivt ut og prøva å vinna denne kampen også. Skårar me nokre mål er me sikra, sa Heltne Nilsen til Brann.no.

Brann Stadion i solskinn

STORE STÅ: Kjernefeltet til Bataljonen, Store Stå, vil ikkje vera tilgjengeleg under Europaliga-oppgjeret. Men godt førehandssal gjer at Brann har opna fleire tribunar.

Foto: Frederik Økland / NRK

Siste video

Programelder Øyvor Bakke
Listetoppene i Hordaland møttes til stor debatt, i samarbeid mellom BT, BA og NRK.
Bergensartisten avsluttet den store valgdebatten på Festplassen i Bergen.