Hopp til innhold

Etterlyser lastebilsjåfør i Hardanger

Ein mopedførar i 70-åra vart dratt etter ein lastebil på fylkesveg 7 i formiddag. Mannen er sendt til sjukehus med lettare skader.

Lussand i Hardanger

Naudetatane fekk melding om ulukka klokka 09.59. Ein mann i 70-åra på ein trehjulsmoped skal ha kollidert og deretter blitt dratt etter ein lastebil på fylkesveg 7 ved Lussandbergen i Kvam.

– Vi veit ikkje omstenda heilt, men på eit eller anna vis har det vore ein samanstøyt som gjorde at mannen på mopeden blei dratt eit lite stykke etter lastebilen, seier operasjonsleiar Lars Geitle i politiet.

Han fortel at mannen i 70-åra er sendt til Voss sjukehus med lettare skader. Han skal ha fått nokre skrubbsår i ansiktet som følgje av uhellet.

Vil ha kontakt med lastebilsjåfør

Av ukjent grunn skal lastebilen ha halde fram i retning Granvin og politiet vil gjerne ha kontakt med vedkommande.

– Vi veit ikkje kvifor, men lastebilen har halde fram austover på fylkesveg 7. Lastebilen er kvit og sjåføren må ta kontakt med oss, oppfordrar Geitle.

Har du tips i saka kan du ringe politiet på nummer 02800.